Med skolefilm på Minimalen kortfilmfestival

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var heilt sjokkert, eg trudde ikkje min film var så bra, seier Tiril Tørseth (17), om da ho fekk vite at filmen hennar, «Trang til tvang», var plukka ut til Minimalen kortfilmfestival i Trondheim.

Ho går i andre klasse Medier og Kommunikasjon ved Nannestad vidaregåande, og det er gjennom valfaget Bilde, at ho og elleve andre medelevar har laga til saman seks kortfilmar på under eitt minutt som no skal bli vist i kategorien Ettminutt Ung under festivalen.

– Eg vart òg ganske overraska, for eg følte ikkje at eg hadde fått fram bodskapet heilt, men det var veldig morosamt, seier klassevenninne Christine Flesvig (17), som har laga filmen «En dag på repeat».

Aldersbestemt klasse

Dei seks filmane er blant 57 filmar som deltek i same program, og konkurransen er alderbestemt for aldersgruppa 14-19 år. Vinnaren blir kåra ved avstemming blant publikum.

Tørseth, Flesvig og dei andre medelevane har jobba med filmane i om lag ein månad. Sjølve valfaget har dei fire timar i veka, så det har òg gått med ein del fritid til å ferdigstille filmane.

– Første veka planla vi, bestemte tema og gjorde research. Veka etter laga vi storyboard og produksjonsplan. Så hadde vi ein dag der vi produserte og laga filmen, og siste dag hadde vi ferdigstilling, redigering og levering, fortel Tørseth.

Elevane måtte prioritere tida tydeleg i perioden dei laga filmane.

– Vi måtte vere ganske effektive, for vi har mange andre fag samtidig og, seier ho.

Les også: Josefine Pettersen speler svensk aktivist som stansa tvangsutsending

Stort spenn i tema og sjangrar

Blant filmbidraga frå skolen til festivalen er det eit stort spenn i sjangrar.

– Det er mykje fiksjonsfilmar, veldig ofte inspirert av eiga erfaring, fortel Flesvig.

Blant filmane er det både film mot mobbing, krimsjanger i svart-kvitt, og nokre litt meir humoristiske filmar.

Jentene fortel at gutane ofte lagar humor, medan dei sjølve synest det er lettare å lage alvorlege filmar. Det største problemet er ofte å finne skodespelarar.

– Vi får ofte beskjed av læraren om å bruke kvarandre, seier Flesvig og Tørseth.

I desse filmane har dei brukt venner på fritida.

Les også: Tårnet: Å aldri få vende heim

Eitt minutt går veldig fort

– Korleis har det vore å skulle halde filmen under eitt minutt?

– Vanskeleg!, kjem det frå begge i kor.

Eitt begrep jentene har lært å forholde seg til er «Kill your darlings».

– Eitt minutt går så fort. Berre ei lita scene tar 20 sekund, seier Christine Flesvig.

– Vi har lært å måtte kutte ut noko av det ein helst vil ha med for å få med hovudfokuset, supplerer Tørseth.

Kjekt å få vist filmane til fleire enn lærarane

Jentene synest det er kjekt å få vist filmane for andre enn medelevar og lærarar og å kunne nå ut til fleire. Men forventningane held dei nede.

– Eg vil ikkje forvente så mykje sjølv om det hadde vore moro å gjere det bra. Eg er berre nøgd med å få vist filmen, seier Flesvig.

– Eg liker å forvente det verste, fordi da blir ein ikkje skuffa. Og så blir ein ekstra glad om det går bra, seier Tørseth.

Dei andre konkurransekategoriane på festivalen er Internasjonal konkurranse, Nordisk konkurranse, Multiplié Dansefilm, Trøndersk studentkonkurranse og Ettminuttsfilm, open klasse.

I tillegg har festivalen tematiske spesialprogram. Blant desse er Hellas og det  poetiske drama, Thailand now: Ytringsfrihet, og norsk filmkunst.

Filmane frå Nannestad vidaregåande er: «Et simpelt spørsmål vs. 18 personer» av Aimah Zaman og Maria Molvig, «En dag på repeat» av Christine Flesvig, «Du er ikke alene» av Idun Warin, Victoria Saines, Aurora Jocumsen og Anine Lund, «Eplet» av Marcus Pedersen, Edvin Fjørtoft Pettersen, Vegard Hoelsæther og Isac Bartvik Jørgensen, «Trang til tvang» av Tiril Tørseth, og «Bry deg» av Maria Olaisen Hertzberg.

Les også: Laga verdas minste animasjonsfilm

Minimalen Kortfilmfestival

  • Internasjonal Kortfilmfestival i Trondheim arrangert for første gong i 1988.
  • Viser over 200 filmar i fem forskjellige konkurranseprogram, samt fleire tematiske spesialprogram.
  • Festivalen har i tillegg til konkurranseprogrammet for vaksne, eigne programkategoriar for barn og unge. Ettminutt Ung er blant desse.
  • Festivalen går over fem dagar, og visningsstader er Nova kinosenter, Cinemateket Trondheim og Kunsthall Trondheim.