Josefine Pettersen speler svensk aktivist som stansa tvangsutsending

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.01.2019 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg stod opp for nokon eg ikkje ein gong kjente fordi det var den humane tingen å gjera. I ei verd som er så inhuman må du bruka privilegiane dine til å hjelpa andre mennesker, seier den ekte Elin Ersson i ein video frå den britiske organisasjonen Ordinary Heroes.

Organisasjonen oppmodar folk til å nominera kvardagsheltar som dei bør løfte fram i sin neste kortfilm.

Les også: Marlon Langeland møter menneske på flukt i ny serie

«Based on a true story»

I kortfilmen «Grounded» speler Josefine Frida Pettersen, mest kjend som Noora frå Skam, svenske Elin Ersson. Filmen er skrive og regissert av Rich Peppiatt og Elin Ersson står sjøv som produsent saman med Jess Hines.

Filmen er basert på den sanne historia om då Ersson stoppa tvangsutsendinga av ein afghansk 52-åring. Sjå filmen under:

GROUNDED from Naughty Step on Vimeo.

«Sittstrejken»

Den svenske studenten Elin Ersson er medlem av organisasjonen «Sittstrejken» som jobbar for å hindra svenske myndigheiter frå å senda unge afghananarar ut av Sverige.

Den 23. juli 2018 gjekk den 22 år gamle kvinna om bord på eit fly frå Gøteborg til Istanbul der ho trudde 26 år gamle Ismail Khavari skulle bli transportert ut av landet. Det viste seg at 26-åringen ikkje var om bord på flyet. Det var derimot ein 52 år gammal afghansk mann som òg skulle uttransporterast, men som vart ført ut av flyet då Ersson nekta å setje seg før han var ute.

Får du ikkje nok av engasjerte «Skam»-skodespelarar? Sjå klimafilm med Thomas Hayes!

Viral Facebook-protest

Facebook-strømminga av Ersson sin protest er delt nesten 200.000 gongar og har til no fått over 14 millionar visningar.

I videoen frå Ordinary Heroes fortel Ersson at den skumlaste delen av aksjonen var då livestrømminga stansa og ho var åleine i eit rom med ein person som var veldig sint på ho.

– Livestrømmen gav meg mot fordi eg visste at eg hadde vitner om nokon behandla meg urettferdig, fortel Ersson.

Må møta i retten

Fordi passasjerane hadde fått flygeblad med informasjon om aksjonen var responsen i flyet hovudsakleg bra medan responsen i ettertid har vore enorm.

Frå myndigheitene si side har ikkje responsen vore like bra. Ersson vart politianmeldt for brot på luftfartslova og må difor møta i retten.

Førre veke delte Ordinary Heroes eit bilete av Ersson, der dei oppmoda publikum til å støtte aktivisten:

Stansted 15

Også dei britiske aktivistane kalla «Standsted 15», som i mars 2017 lenkja seg til eit Boeing 767 for å stoppa utsendinga av 60 migrantar til Ghana, Nigeria og Sierra Leone vert hylla av organisasjonen Ordinary Heroes.

Dei britiske aktivistane lukkast i å hindra utsendinga av fleire av migrantane, men vart i desember i fjor dømt for å setja sikkerheita på flyplassen i fare. Tiltalen, som i verste fall kan føra til livstid i fengsel, har mellom anna vorte kritisert av Amnesty International.

STANSTED 15 ON TRIAL from Sue Clayton on Vimeo.