England: Samla inn nesten 3 millionar kroner ved å spele Donkey Kong 64
Heile summen går til britisk organisasjon for transungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Briten Harry Brewis, kjent som Hbomberguy, spelte Donkey Kong 64 samanhengande i 57 timar og strøyma det heile.
I førekant hadde han sett seg to mål: å slå Donkey Kong-rekorden frå barndomen, og samle inn pengar til Mermaids – ein britisk organisasjon til støtte for barn og unge med kjønnsdyfori og familiane deira.
Innan direktestraumen var over var barndomsrekorden lagt i grus, og han hadde samla inn nesten 3 millionar kroner.
Apparently today is #BlueMonday, the saddest day of the year?
This weekend one guy raised over $340,000 for Mermaids by playing Donkey Kong online and uniting the world behind trans kids and the trans community.
Thanks to @Hbomberguy, this Monday is awesome!!#MermaidsMonday pic.twitter.com/Qf8mq2qZU1
— Mermaids ??♀️ (@Mermaids_Gender) 21. januar 2019
Les også: Serious games: dataspel som reddar liv
Ein protest mot ein protest
I Youtube-videoen der han fortel om Donkey Kong-kampanjen, forklarar Brewis at han valte å støtte Mermaids fordi han meiner britiske media er feilinformerte om kjønnsdysfori og kva det vil seie å vere transperson.
I tillegg er kampanjen ein målretta protest mot den irske tekstforfattaren Graham Linehan, som ved fleire høve har teke til Twitter for å lufte meiningane sine om trans-tema. Etter at Linehan fann ut at Mermaids skulle tildelast økonomisk støtte frå det britiske Nasjonallotteriet for å bygge ut tilbodet sitt, så oppfordra han folk til å protestere, og støtta vart sett på vent.
Så Brewis tok saka i eigne hender.
Brewis brukte i overkant av 57 timar på å oppnå 101 prosent fullført i Donkey Kong 64. I løpet av den tida hadde han samla inn over 340 000 amerikanske dollar.
Sjå heile videoen her:
Les også: E-sport blir omtala som den raskast veksande sporten i verda, på denne skulen «gamar» dei i timane
650 000 personar og ei kongresskvinne
Kampanjen gjekk ikkje upåakta hen. Ifølgje The Guardian var kring 650 000 personar innom direktestraumen, og både Chelsea Manning og Matilda-skodespelar Mara Wilson dukka opp.
Det same gjorde også Alexandria Ocasio-Cortez, den amerikanske 29-åringen som nyleg vart valt inn i Representanthuset som den yngste kvinnelege representanten nokon sinne.
Ifølgje VICE-kanalen Broadly, sa Ocasio-Cortez at trans-rettar er ein «no-brainer»:
– Transrettar er borgarrettar er menneskerettar, sa ho og la til:
– Vi meiner like rettar for alle, ingen asterisk, inga lita skrift, ingenting.
Here’s @aoc on @twitch talking about how trans discrimination is a “core reason” for economic hardship pic.twitter.com/JruOD5lcjM
— Gene Park (@GenePark) 20. januar 2019
Les også: Dette må til for å bli god i e-sport