Britiske leksikografar har kåra «brexit» til årets ord og ser det som det viktigaste politiske bidraget til det engelske språket sidan Watergate.

NPK
NPK

Det britiske ordboksforlaget Collins kåra «brexit» til årets ord føre «Trumpism» og det danske importordet «hygge», fortel avisa The Guardian.

– Brexit er utan tvil det viktigaste politiske bidraget til det engelske språket på over førti år – sidan Watergate-skandalen gjorde det mogleg for kommentatorar og komikarar å forsterke alle hendingar og skandalar ved å hengje på suffikset «-gate», seier innhaldssjef Helen Newstead i Collins til avisa.

Ho meiner brexit til og med har vist seg å vere enda meir fleksibelt og brukande enn Watergate med avleiingar som «bremain» og «bremorse» og ordspel som «BrexPitt» og «Bradxit» om skilsmissa mellom Angelina Jolie og Brad Pitt og «Mexit» om karriereslutten til fotballstjerna Lionel Messi. (©NPK)

Les også om kvifor «vape» blei kåra til årets engelske ord i 2014!

Les også: I 2015 blei «det grøne skiftet» kåra til årets norske ord

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE