Unge Venstre-leiaren vil ha tyngre statsrådpostar
Sondre Hansmark meiner Venstre bør sikta mot statsrådpostar med større makt og meir midlar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har valt nokre departement som ikkje gjev oss veldig mykje synlegheit og som ikkje let oss styra dei områda som er viktigast for Venstre, seier Sondre Hansmark til NRK.no.
I samband med den nært føreståande regjeringsutvidinga oppmodar Unge Venstre-leiaren leiinga i Venstre om å ta statsrådspostar som har større makt og meir midlar.
Les også: Unge Venstre-leiaren stemte mot regjeringsplattforma, men KrFU jublar over abort-endringa
Medlemsflukt frå Unge Venstre
Førre veke meldte Framtida.no at Unge Venstre har mista meir enn éin av fire medlemmar det siste året.
Unge Venstre-leiaren utelukka ikkje at regjeringsdeltakinga er årsaka.
– Eg veit at det for mange i Unge Venstre var vanskeleg å gå inn i regjering med Frp. Me må bli endå flinkare til å fortelja om kva me har fått til i regjering. Klimagassutsleppa går ned, og me tar no i mot fleire kvoteflyktningar enn då dei raudgrøne styrte, uttala Hansmark til Framtida.no.
Vil ha kunnskap og næringsliv
I samband med den nye regjeringskabalen ser Sondre Hansmark at Venstre byter ut kulturministeren og ministeren for forsking og høgare utdanning til fordel for andre statsrådspostar.
Han meiner partileiar og kulturminister Trine Skei Grande ville gjort seg godt som kunnskapsminister.
– Det trur eg hadde vore betre for både landet og Venstre. Det hadde gitt oss mykje større synlegheit på eit av våre viktigaste område, skulepolitikken, seier ungdomspartileiaren til NRK.
Han meiner òg at Venstre får lite ut av statsrådsposten til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og skulle heller sett at partiet tok kontroll over Næringsdepartementet, slik at dei kan visa fram gründerpolitikken sin.
Nøgd nestleiar
NRK har snakka med fleire kjelder som deler Hansmark sin frustrasjon.
Nestleiar i Venstre, Terje Breivik, peikar på si side på at kulturministeren har profilert seg positivt og er nøgd med korleis kultur og forsking vart prioritert i statsbudsjettet.
Han meiner Venstre har innflyting over næringspolitikken gjennom sin tredje statsrådpost i klima- og miljødepartementet.
– Eg er òg einig med Sondre i at nærings- og gründerpolitikk er en svært viktig sak for Venstre, og det er mye næringspolitikk i alle dei tre departementa som Venstre styrer. Ikkje minst i Ola Elvestuen sitt departement som både ENOVA og grøn omstilling sorterer under. Forsking utgjør også en stor og viktig del av næringspolitikken, seier Breivik til NRK.