Pengegåve skal gje grønare festivalar i Sogn og Fjordane

Festivalane i Sogn og Fjordane har fått ei pengegåve på 650.000 kroner for å bli meir miljøvennlege.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag fekk musikkbransjeorganisasjonen Brak overrekt 650.000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til føremålet.

– Festivalar og andre større arrangement er heilt klart viktig for trivsel og kultur i samfunnet, og om vi i tillegg kan gjera dei meir miljøvennlege, så er det veldig positivt, seier administrerande direktør Trond Teige i Sparebanken Sogn og Fjordane til Firda.

Bransjeorganisasjonen Brak har klare planar for korleis pengane skal brukast. Etter mal frå Øyafestivalen skal organisasjonen utarbeida eit program der alle festivalane i fylke etter tur skal få opplæring i korleis dei skal bli meir miljøbevisste. Det skal også utviklast eit eige kontroll- og sertifiseringssystem for tiltaka.

Les meir om Førdefestivalen her: Førdefestivalen er på topp-fem-lista til Aftenposten

– Festivalane Malakoff, Utkant og Førdefestivalen er med i prosjektet frå og med i år, seier prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane, Elise Hessevik.

Ho fortel at Malakoff og Førdefestivalen alt har lang erfaring med miljøarbeid og sertifisering, og at prosjektet skal byggja vidare på dette. Også Øyafestivalen og interesseorganisasjonen Norske Konsertarrangører er med i samarbeidet om å gjera festivalane i Sogn og Fjordane grønare.

Les også om Sofar som arrangerer konsertar i stover og skogar: Frå full rigg på Øyafestivalen til akkustisk gitar i skogen