Førdefestivalen er på topp-fem-lista til Aftenposten

Astrid Underlid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mottoet vårt er at her får du høyre ting du ikkje visste at du likte. Førdefestivalen er unik fordi vi er åleine om invitere folkemusikarar frå heile verda.

Torill G. Faleide er kommunikasjonssjef for Førdefestivalen. Ho er ein av sju som jobbar med festivalen året rundt.

På topp-fem-lista til Aftenposten

Torill G. Faleide er kommunikasjonssjef for Førdefestivalen. Ho vil ha fleire festivalar i distriktet Foto: Førdefestivalen

– Folk kjem ikkje til oss fordi dei kjenner artistane. Dei kjem til oss fordi vi er kjente for fantastisk musikk ein ikkje finn på eiga hand, seier Faleide.

– Vi rettar oss mot folk som er glade i musikk generelt. Som sagt er mottoet vårt at vi gir deg musikk du ikkje visste at du likte. Mange blir inspirert av nye former for musikk hos oss.

Faleide fortel at festivalen er populær for folk i alle aldrar. Både barnebarn, vaksne og besteforeldre kjem saman for å oppleve variert folkemusikk.

– Vi er stolte over at Aftenposten har kåra oss til ein av dei fem beste festivalane i Noreg.

Har du høyrt om Førdefestivalen?

Har du høyrt om Førdefestivalen?

Ja, det har eg 24
Ja, eg har vore på han òg23
Det ringer ei bjelle0
Nei, det har eg ikkje6
Svar totalt: 53

Dansa heile natta til ukjent musikk

Førdefestivalen har eit tema kvart år. Årets tema var dansen i musikken, og Faleide er nøgd med at folk dansa som aldri før under festivalhelga.

– Vi er opptatt av vise fram dyktige, men ukjente folkemusikarar. Det er fantastisk å sjå folk dansa natta lang til ukjent musikk. Det har rett og slett vore topp dansestemning i år, fortel Faleide.

Ho trekk fram at mange også set pris på sittekonsertar der ein kan nyte musikken, og unike og varierte konsertscener.

– Vi har over 30 ulike konsertscener, mellom anna Jølstramuseet, kyrkja og idretshallen.

Det er også lagt til rette for at det er lett å komme seg rundt for deltakrane. Om konsertane føregår utanfor byen, vert det alltid satt opp gratis bussar.

9 av 10 kjem tilbake

Faleide fortel at dei prøver å gje folk nye opplevingar. Ho er opptatt av musikk som opnar dører.

– Vi veit at jobben vår er å få folk til å komme hit første gong. Då blir dei rett og slett hekta. Nesten 9 av 10 kjem tilbake etter første gong. Vi har ein rekordhøg gjennkjøpsprosent. Folk blir veldig begeistra, og det er så kjekt.

Folk dansar til konserten med unge Elida Almeida frå Kapp Verde. Årets tema var dans i musikken. Foto: Knut Utler

Vil ha fleire festivalar i distriktet

– Det å ha ein festival i ein liten by som Førde, er bra for både festivalen og byen. Vi får involvert alle som bur her. Butikk, hotell og folk generelt i Førde er opptatt av festivalen.

Faleide fortel at mange inviterer slekt og vener frå inn- og utland på besøk i forbindelse med festivalen. Det er noko førdianarar er stolte av å vise fram.

Skal vi ha ein levande norsk kulturpolitikk, må han eksistere utanfor byane i større grad.

– Vi er stolte over å bli rekna som ein av dei beste festivalane. Vi vil vise at vi kan levere som ein kulturinstutisjon. Det meiner vi Noreg burde ha meir av utanfor byane.