Frå full rigg på Øyafestivalen til akkustisk gitar i skogen

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi går opp ein grusveg i Nordmarka i Oslo, og ser etter små A4-ark, merka Sofar. Skilta fører vidare inn i skogen, og der, med grantre på alle kantar, ønsker ein liten gjeng velkommen. Det er arrangørane av kveldens Sofar Sounds-konsert.

Når publikum kjem, veit dei enno ikkje kva for artistar dei skal sjå.

Det er haustsesongens første Sofar-konsert i Oslo som står for tur, og for tre år sidan starta dei opp den aller første konserten akkurat der, i Brekkeskogen.

Undervegs har over 300 artistar og band spelt på mange små utradisjonelle scenar rundt om i byen, og 50 frivillige samarbeidar for å arrangere konsertane.

Starta med ein stovekonsert i London

Konseptet Sofar Sounds finn stad i over fire hundre forskjellige byar, og starta med ein stovekonsert med åtte publikummarar i London i 2009. Konserten var ein motreaksjon til at bildetaking, mobiltelefonar og prating tok fokus under konsertane. Ideen vart populær og spreidde seg raskt vidare.

Her i skogen blir vi oppfordra til å la mobilen ligge i lomma, og når konserten startar, høyrer ein knapt ein lyd frå publikum.

Så høflege er folk, at medbrakte ølboksar blir knepte opp i mellom songane.

Sesongopning og jubileum av Sofar Oslo. Det var her, på same stad i skogen, det starta for tre år sidan. Foto: Andrea Nicolaysen

Frå Øyafestivalen til akkustisk skogskonsert

Litt av spenninga er òg at ein ikkje veit kva band ein har kjøpt konsertbillett til. Men dei tre artistane som denne gongen kjem frå Bergen og Oslo, er vel verdt billettkjøpet og leitinga etter konsertscena i skogen. Det er Egil Olsen, Peter Estdahl og The Other end som skal spele.

For Estdahl og Bergensbandet The Other End er kontrasten ekstra stor. Veka før spelte dei kvar sin konsert på Øyafestivalen, med stort apparat rundt seg. Estdahl med bandet Band of Gold, og The Other End med same besetning.

No står dei i skogen, få meter frå publikum, og einaste instrumenta dei har, er kassegitar og si eiga stemme. Den einaste «sceneriggen» er ei lita kulelyskjede på batteri som heng ned frå ei grein ved «scena».

Om lag sytti publikummarar har plassert seg mellom trestammane, dei mest fornuftige har tatt med seg både sitteunderlag ullgenser og pledd.

Les også: Fangar heile verda frå Jæren

God kontakt med publikum

Da The Other End spelte på Øya veka før, var det med eit mykje større lydbilde. I tillegg til å synge, speler Ida til vanleg både synth og bassgitar, og Alexander speler gitar og trommer.

No har dei tatt det heilt ned.

– Vi syntest det var utruleg koseleg. Det blir noko anna enn å stå på ei scene to meter over publikum. Det føles mykje nærmare enn til vanleg, og ein får veldig god kontakt med publikum, seier Breidvik til framtida.no.

Bandkollega Knoph-Solholm er einig.

– Det er ei veldig respektfull og varm atmosfære. Ei veldig fin oppleving.

Foto:
Andrea Nicolaysen

– Så blir det heilt stille når ein spelar på den måten. Ein får merksemda til publikum, seier Breidvik.

Vi har ikkje video frå konserten i Brekkeskogen, men i rette Sofar-ånd, med lita besetning speler The Other end her “Far from Home” live på Bergenhus festning.

Mange av konsertane tilgjengelege på nett

– Reiste de heile vegen frå Bergen for å spele dei tjue minuttane i skogen?

– Ja vi gjorde faktisk det. Vi har vore litt i ja-modus i det siste, ler dei.

Bandet spelte også på Sofar for eit år sidan, i eit lite lokale i Bergen. Mange av Sofar-konsertane ligg tilgjengelege på nett.

– Vi har jo sett ein del på artistar vi likar på nett, så det er veldig kjekt å få vere med på. Det er eit veldig fint konsept, både for folk som liker å høyre på musikk og folk som speler, seier Knoph-Olsen.

Kjempenøgd med treårsjubileet til Sofar Sounds

Leiaren i Sofar Sounds Oslo syntest det var godt å komme i gang etter ferien.

– Eg er kjempenøgd med gjennomføringa av treårsjubileet vårt, og det verka som om publikum og artistane og var nøgde, kommenterer Jon Alfred Aspelund i ei melding til framtida.no etter endt konsert.

Saman med Ida Kviteberg leiar han Sofar Sounds Oslo.

Ekstra nøgd var han med at konserten fann stad på nøyaktig same stad som dei starta opp for tre år sidan.

Med jamne mellomrom utover hausten kan konsertpublikummarar i Oslo og i Bergen møte opp på hemmeleg stad med hemmelege band på små scener. I Oslo er neste konsert allereie den 30. august.

På veg til konsert. Foto: Andrea Nicolaysen

På veg til konsert. Foto: Andrea Nicolaysen

Sofar Sounds

  • Står for Songs from a Room.
  • Starta med ein stovekonsert i London i 2009. Spreidde seg fort vidare til Paris, New York City, og kom til L.A i 2011.
  • Speler no fleire hundre konsertar i månaden i 415 byar rundt om i verda.
  • Plassar som ei privat stove, eit butikklokale eller skogen blir gjort om til scene for ein kveld.
  • Artistar kan søke om å få spele. Nokre artistar blir inviterte av arrangøren.
  • Først kvelden før, får publikum vite kor konsertscena er.

Kjelde: Wikipedia/sofarsounds.com