Ny regel skal stoppe ulovleg køyreopplæring
Privateigde opplæringsbilar med doble pedalsett kan ikkje lenger nyttast til betalt opplæring og førarprøve, opplyser Vegvesenet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den nye regelen i trafikkopplæringsforskrifta skal setje ein stoppar for ulovlege trafikkskular. Heretter er det forbode å ta betaling for opplæring og førarprøve i slike opplæringsbilar utan at dei er knytte til ein godkjent køyreskule.
– Vi vil ha slutt på at kyniske bakmenn og ulovlege trafikkskular utnyttar den praktiske førarprøven som inntektskjelde, seier Jon Molnes, leiar for krimseksjonen i Vegdirektoratet.
Det blir framleis lov å eige bil med doble pedalsett privat og uavhengig av ein autorisert køyreskule, men heretter kan desse berre nyttast til gratis øvingskøyring.