Noregs Mållag jublar for regjeringsplattform

Noregs Mållag meiner den nye regjeringa innfrir på så å seia alle punkt om nynorsk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noregs Mållag er svært glad for at fire av fem hovudkrav vi har stilt til ny regjering, er innfridde i den nye regjeringsplattforma, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

Mållaget set særleg pris på at den nye regjeringa forpliktar seg til å greia ut språkdelt ungdomsskule og for at den nye regjeringa vil sikra retten til læremiddel på både nynorsk og bokmål i den nye digitale skulekvardagen.

Les også: Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskolen

– Grunn til glede

– Det er ikkje tvil om at Noreg framleis har ei nynorskvennleg regjering, og at ein i denne erklæringa har fått inn endå fleire gode tiltak for nynorsk. Om retten til læremiddel òg gjeld for vaksne innvandrarar, så er det full pott og ein gledeleg dag for nynorskbrukarar i heile Noreg, seier Aasbrenn.

I tillegg til dei nemnde tiltaka er mållagsleiaren glad for at språklova som det kom lovnad om i Jeløya-erklæringa, no blir lova om eitt år, og at den nye regjeringserklæringa også tek opp att tidleg start med sidemål.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark er ikkje like fornøgd: – Dei fire regjeringspartia ser språkmangfaldet i Noreg, men følgjer ikkje opp med konkrete tiltak for å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar.