Han er Noregs FIFA-konge: – Eg har draumejobben

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på Framtidajunior.no.

– Eg har faktisk nett starta på eit friår for å satse på YouTube, fortel 19-åringen.

Han er nok best kjent som Randulle, YouTube-stjerna som dei siste tre åra har filma seg sjølv medan han speler det populære fotballspelet. Så legg han filmsnuttane ut på YouTube, og heile 60.000 menneske kikkar på alle triksa og tipsa han kjem med. Han har over 13 millionar visningar, og rekorden er 1,9 millionar visningar på ein einaste video.

Lever draumen

– Eg får fleire og fleire abonnentar, og det er så stas! Det er liksom ikkje noko berg og dalbane dette. Det går berre opp, opp, opp, seier han.

Dette er sjølve draumejobben for Randulle, men han vil ikkje ut med kor mykje løn han har i månaden.

– Eg er min eigen sjef, og det er deilig. Eg kan gjere det eg vil, og vera kreativ i arbeidet med å lage og redigere filmane mine, fortel han.

Sidan eg var 10 år har eg hatt ein draum om å få 100.000 følgjarar på Youtube

Speleforbud

Då Randulle var yngre syntest foreldra at han spelte for mykje, så han fekk både spelereglar og speleforbud, spesielt om sommaren. Då var det best å komme seg ut for å leike.

– No er det annleis, fordi foreldra mine også ser at det ligg mykje hardt arbeid bak filmane eg lagar. Eg må jo klippe og lime saman alt eg lagar, fortel han.

Pustehol i kvardagen

Spelinga gjer at han finn roen, og slik har han fått eit pustehol i travle skuledagar. Men det kan bli for mykje av det gode også.

– Når du droppar vener og familie for å spele, så er det på tide å stoppe opp, meiner han.

Om du klarar å spele, vera med vener, familie og gjera andre kjekke ting, er spel fint å ha.

– Du hopper jo inn i ei anna verd, og det er ekstra fint å flykte litt inn i eit spel om det skjer noko vanskeleg i det ekte livet. Men, det er viktig å hoppe ut att, for problema forsvinn ikkje av seg sjølv. Du får bare ein god pause, seier han.

HER KAN DU LESE RANDULLE SINE BESTE TIPS TIL DEG SOM VIL BLI YOUTUBE-STJERNE