Poesibilen deler ut parkeringsbøker

Det rullande diktformidlingsprosjektet Poesibilen blei torsdag kveld heidra med formidlingsprisen Wergelands åre.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.09.2018 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen blei delt under 50-årsfeiringa til Norsk Forfattersentrum.

Juryen peikar på at Poesibilen er eit unikt formidlingsprosjekt som behandlar poesien på ein humoristisk og uhøgtidleg måte og som har nådd ut til tusenvis av ungdommar over heile landet.

– Dei formidlar poesi og kunnskap om poesi, dei held skrivekurs og sørgjer for at det blir produsert ny poesi, heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Les også: Den nye forfattarrolla

Poesikameratane

Ted Granlund fekk torsdag kveld overrekt vandrepokalen Wergelands åre for formidlingstiltaket Poesibilen. Til venstre styreleiar i Norsk Forfattersentrum, Mikkel Bugge, som delte ut prisen. Foto: Espen Gees / Norsk Forfattersentrum

Ted Granlund fekk torsdag kveld overrekt vandrepokalen Wergelands åre for formidlingstiltaket Poesibilen. Til venstre styreleiar i Norsk Forfattersentrum, Mikkel Bugge, som delte ut prisen.
Foto: Espen Gees / Norsk Forfattersentrum

Det var Ted M. Granlund som tok initiativ til det originale diktformidlingsprosjektet. Allereie i 2004 svinga den første poesibilen ut på vegane i Elverum. Sidan har Granlund fått med seg kameratane og poesikollegaene sine Endre Ruset og Joakim Kjørsvik.

Saman har dei tre besøkt ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet med opplesingar og poesiskrivekurs. Seinare har dikta til elevane blitt trykt i eigne parkeringsbøker, fortel Norsk Forfattersentrum i ei pressemelding.

Les også: Sofie Frost er nordisk meister i slampoesi

 

 

 

Wergelands åre

  • Er ein heiderspris som er stifta av Norsk Forfattersentrum.
  • Prisen blir delt ut til ein person eller institusjon som har gjort ein fortenestefull innsats innan formidling av poesi.
  • I tillegg til ein pengesum på 15.000 kroner, får vinnaren tildelt ei av årene til Wergeland som ein vandrepokal.
  • Tidlegare har mellom andre Turid Birkeland, Jan Erik Vold og Helge Torvund fått prisen.