Søker friskusar til testing av sko

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For drøye tre år sidan la Alfa ut denne annonsen på Finn:

Meir enn 1000 personar søkte, men berre éin fekk klarsignal til å leggje ut på ein eitt år lang tur i alt det Norge har å by på av fjell, skog og kyst. Andreas Orstad har vore «Eventyrar» og skotestar i to og eit halvt år no.

Les også: Slik fekk Andreas (23) draumejobben

Men no takkar Andreas for seg, og Alfa sender stafettpinenn vidare. Denne gongen skal dei ikkje berre har éin, men tjue eventyrarar. Kvar av dei skal gå på tur og oppdatere bloggen i ein månad kvar. Tanken bak er at dei tjue eventyrarane skal presentere sitt nærområde, og skildre dei flottaste turane.

Stillinga er ulønna, men ein får to par sko frå Alfa. At du får litt kjendisstatus er heller ikkje til å sjå vekk ifrå, om ein ser på kor mykje blest førre «Eventyrar»-prosjekt skapte i media.

Les også: Da heile karrieren hang i ein tynn tråd

Ynskjer sjølvivideoar som søknad

Bilde og video er ein viktig del av oppdraget, for du får nemleg ansvar for både blogg og Instagram under prosjektet. I søknaden ynskjer ikkje Alfa lange, velformulerte tekstar og tjukke CV-ar, men ein sjølvivideo av deg sjølv på tur.

Ifølgje stillingsutlysinga kan prosjektstillinga kombinerast med jobb og studium. Så her finst det ingen unnskyldning for å ikkje spenne på seg skoa og kome seg ut i skogen!

Les også: No kan du utdanne deg til å bli skiguide