Er Dontè Colley det herlegaste mennesket på nettet i dag?

Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mykje tung informasjon som flyt rundt på nettet i dag, frå nyhende om aukande høgreekstremisme til den sårbare tilstanden til miljøet. Det er viktig å halde seg oppdatert, men det kan òg fort blir bli overveldande. Då er det spesielt fint å kome over innhald som lettar litt på angsten og lar ein senke skuldrane.

Det var nøyaktig dette eg opplevde på nyttårsdag.

Eg sat og scrolla ganske mållaust på telefonen, tynga ned av usikkerheita som eitt nytt år og tanken på å forlate foreldra mine etter ti herlege, men korte, dagar saman ofte medfører. Så dukka denne videoen opp i Explore-myldra mi på Instagram:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

A lil #letter from me 2 u ? #wiiareinthistogether sending u love and energy for #2019 #letsgo ✨❤️?

Et innlegg delt av Donté Colley (@donte.colley)

Stjerna i videoen er Dontè Colley, ein 21-åring frå Toronto.

Colley byrja å lage motiverande dansevideoar på Instagram for å løfte humøret til vennane sine og spreie positive vibbar, slik han gjer i denne. Videoane hans er ein rar og magisk kombinasjon av koreografert dans, emojis og inspirerande ord redigert inn med Premiere Pro og After Effects.

Les også: Marlon Langeland aktuell i ny Instagram-serie

Ukomplisert

Kvifor byrja han å lage desse videoane? Colley fortel Buzzfeed at målet hans er ukomplisert: han vil at folk skal ha det bra.

– Sosiale medium har blitt så dystert, overveldande og øydeleggande. Det kan verke som at alle andre har kjempebra og lever sine beste liv. Det kan få oss til å tvile på oss sjølve.

– Sosiale medium har blitt så dystert, overveldande og øydeleggande.

Les også: No vert det nye spelereglar for bloggarar og Instagram-kjendisar

– Ikkje ta deg sjølv eller livet for alvorleg

Med videoane ønskjer Colley å få folk til å puste ut, smile og ikkje ta seg sjølv eller livet for alvorleg. Det er nøyaktig dette som skjer medan ein ser på Colley danse. Han er dyktig dansar som ikkje tek seg sjølv for alvorleg, og leverer som resultat knallgod dans krydra med komiske element og oppfordringsord.

Heldigvis har Colley tenkt å halde fram med å spreie glede gjennom videoane sine i lang tid framover, som til dømes denne råe koreografien til melodien frå Law and Order.

LES OGSÅ: Instagram-bilde kan avsløra depresjon

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#youareworthit !!!! Keep on going ??♥️??⚡️

Et innlegg delt av Donté Colley (@donte.colley)