Slik skriv du ei bokmelding

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no søkjer fleire bokmeldarar! Har du lyst til å melda bøker for oss? Ta kontakt!

A. Før du byrjar å lesa
Les denne oppskrifta på korleis du blir ein bokmeldar, så er det lettare å lesa som ein bokmeldar.

B. Når du les boka – les som ein bokmeldar
Ta gjerne notat undervegs. Er det eit avsnitt i boka som er spesielt godt formulert eller som du av ein eller annan grunn kunne tenkja deg å nemna? Varierer språket eller er det vendingar som blir brukt for mange gonger.

Tenk på lesaren av bokmeldinga di. Både folk som er eldre og yngre enn deg vil lesa det du skriv på Framtida.no. Kanskje vil meldinga di koma på trykk i lokalavisa di også. Kven trur du ville likt boka?

C. Etter du har lese boka – slik skriv du bokmelding

1. OVERSKRIFT: Lag ei overskrift som seier noko om boka, lesaropplevinga eller som kan gje andre lyst til å lese både boka OG meldinga di. Om du synest dette er vanskeleg, kan du gjerne venta til slutt med dette.

2. BOKFAKTA: Skriv: Namn på forfattar, Namn på bok, Namn på forlag, årstal og sjanger (krim, fantasy, roman osv.)

3. KVA HANDLAR BOKA OM: Sei litt om sjangeren til boka og gje eit kort innhaldsreferat der du fortel om kven hovudpersonen og kva han eller ho opplever, ikkje meir enn tre-fire setningar. Ikkje røp slutten!

4. SPRÅK: Var boka lett å lesa? Kvifor eller kvifor ikkje? Var det korte eller lange setningar, overraskande eller spennande språk. Er det mykje banning, dialektord og replikkar eller er språket meir skildrande med språklege bilde, metaforar eller liknande? Passar språkbruken til tema i boka? Inspirerer språkbruken i boka til å skriva sjølv?

5. ORIGINALITET: Etter Twilight vart det veldig populært med bøker/filmar om vampyrar og varulvar, er denne boka ein slik trend i tida? Liknar han på andre bøkar du har lese eller høyrt om, er den kreativ og fantasifull eller har han fleire klisjear? Får han deg til å sjå på vanlege hendingar med nye auge?

6. OPPLEVINGA AV BOKA: Korleis startar boka? Er boka fengjande, oppslukande eller kjedeleg? Går boka rett inn i handlinga? Var boka vanskeleg å leggje frå seg, gripande, truverdig, overraskande, morosam, ekkel – provoserer forfattaren med vilje kanskje? Er det indre eller ytre spenning, lett å kjenne seg igjen i, lett å leve seg inn i? Korleis er spenningskurven og høgdepunkt/vendepunkt, er det overraskingar eller er det lett å avsløra handlinga i boka? Korleis sluttar boka? Uventa eller forventa? Fekk nokon som fortent? Kjem det fleire bøkene? Ikkje bruk ordet kjedeleg – bruk andre ord i staden.

7. FORFATTAREN: Sei noko om forfattaren, er det debutboka eller har han/ho skrive fleire? Som oftast står det noko om dette i boka. Korleis andre bøkar vart likt? Fortel korleis du synest forfattaren lukkast med boka – er personane og/eller handlingane truverdige, korleis klarer forfattaren å fanga interessa? Synest du forfattaren kunne ha gjort noko annleis?

8. TOTALVURDERING: Kva handlar denne boka eigenleg om – kvifor har forfattaren orka å bruke tid på å skrive denne, trur du? Har han eller ho noko viktig å seie deg, noko viktig å seie til andre eller gjev han/ho deg noko å tenkja på? Fortel boka noko om å vere ung, eller seier noko som ungdom treng/likar å lese om? Er det ein grunn til at nokre bør lese denne boka akkurat no eller ikkje? Har boka ein moral – eller motsett? Kva ville du seia var målgruppa, alder og kjønn? Tilrår du boka vidare? Om du vil, er det berre kjekt om du gjev terningskast!

Her kan du lesa andre bokmeldingar i Framtida.no!

Les meir om å skriva bokmeldingar hos ForeningenLes!!

Faktaboks

• fortel med få ord kva boka handlar om
• korleis du opplevde boka? Spennande? Underhaldande? Tankevekkande?
• forklar kva du synest er bra og/eller dårleg med boka, og gje gjerne døme
• er boka viktig å lesa?
• kven trur du boka kan passa for?
• skriv ei spennande melding – sjølv om du ikkje likte boka