Bokmelding: «Den andre søstera»

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.01.2019 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Den andre søstera» er ei lettlesen, grøssarbok skrive av Laura Djupvik. Boka er ein del av Samlagets «Grøss og gru»-serie, kor alle bøkene er skrive på nynorsk.

Når Selma og familien hennar arvar eit gammalt hus bestemmer mora at dei skal flytte, men ting er ikkje heilt som dei skal i det nye huset. Selma høyrer og ser ting som ingen andre ser, og torer ikkje å vere heime i huset aleine. Ho går difor ut i treet i hagen, som er det einaste staden ho føler seg trygg, når ho er aleine. Men ein dag kjem det ei jente, Anna, opp frå dalen som ligg i botnen av hagen. Kven og kva vil ho? Og kvifor ser Selma ting ingen andre kan sjå?

Eg vil seie at starten på boka er skildrande, men ettersom boka berre er 113 sider kjem handlinga ganske raskt. Handlinga er temmeleg ordinær og uoriginal, men den overraskande slutten synest eg veg opp for den føreseieleg handlinga i boka. Avslutninga kjem ganske brått og uventa, og er veldig annleis frå det eg hadde sett føre meg.

Boka er i aller høgst grad ei lettlesen bok, og etter mi meining minner den meir om ei barnebok enn ein ungdomsroman. Setningane i boka er veldig korte, og Djupvik brukar nesten ikkje leddsetningar. Denne enkle setningsoppbygginga og avsnittsinndelinga synest er blir for enkel til at boka blir interessant å lese. For meg, blei det meir som eg las berre for å lese, og greidde ikkje å leve meg ordentleg inn i handlinga.

Eg har eigentleg ikkje ein ordentleg formeining om boka er bra eller ikkje, ettersom dette er sjanger ikkje har lese så mykje av før, og difor ikkje har nokon andre bøker å samanlikne boka med. Men eg synest at starten på spenningskurven var bra, men at slutten kunne vore betre skildra. Eg trur at viss du likar å lese lettlesne bøker og treng ein introduksjon til nynorsk, så passar boka for deg. Eg synes ikkje boka bør verte nominert til u-prisen.

Terningkast: 3

Silje Duus vann prisen «Årets bokmeldar», mellom anna for teksten ho skreiv om «Den andre søstera». Foto: Ida Johanne Aadland

Uprisen er ungdom si kåring av dei beste ungdomsbøkene. Silje Duus skreiv totalt 11 meldingar, som ein kan lese på Uprisen sine nettsider. 

Les meir om Silje og prisutdelinga her: – Vinnar av bokmeldarpris vil helst lese bøkene VG slaktar