Det blir nynorsk tenestespråk i Vestfold og Telemark
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bestemt at det skal vere nynorsk som administrasjonsspråk i det nye fylket Vestfold og Telemark.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fylkesmannen i det nye fylket Vestfold og Telemark har spurt departementet om råd i val av tenestespråk og hadde helst eit ønskje om å vere språknøytral. Det vil seie leggje til rette for begge målformer.
– Frå 2020 vil det vere fleire nynorskkommunar enn bokmålskommunar i Vestfold og Telemark, og Fylkesmannen må derfor bruke nynorsk som tenestemål, skriv departementet i eit svarbrev.
Les også: Noregs Mållag: – Staten kan ikkje be om å få sleppe si eiga lov
Mållaget i Telemark glade for vedtaket
Fylkesmann Per Arne Olsen seier til NRK han ikkje har noko meining om svaret frå departementet.
– Det er det vi har bede om å få avklart. Og då blir det nynorsk som blir målet.
Telemark Mållag er glad for at Kommunal- og moderniseringsdepartementet slår fast at mållova også gjeld for Vestfold og Telemark.
– Dette blir ei ny utfordring for fylkesmannsembete. Men det finst mykje god kompetanse hos Fylkesmannen, og om nødvendig kan dei rekruttere ny kompetanse, seier leiar Sigbjørn Hjelmbrekke.