Dei verkelege juleheltane


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Julefreden er på veg ut døra og vi er no for fullt i gang med våre kvardagsliv. Men før jula forsvinn heilt i frå minnet vil eg vie litt merksemd til dei ekte juleheltane. Dei som, for veldig mange, er sjølve ryggrada i høgtida. Det er ikkje snakk om nissen og hjelparane hans, men det er snakk om mor og far. Dette er ein hyllest til alle mødre og fedre. De fortener verkeleg ein hyllest. For de får ikkje nok skryt.

Frå tidleg i desember startar førebuinga. Huset skal vaskast, dei gamla barneromma skal stellast i stand med ferske sengetøy og litt julepynt. Kakene skal bakast, julematen skal førebuast og det skal pyntast i resten av bustaden. Alt dette er i tillegg til dei vanlege jobbane de har.

Det er ikkje snakk om nissen og hjelparane hans, men det er snakk om mor og far.

Så kjem ungane heim, ein etter ein. Endeleg. Huset blir fylt med liv, som vekker gamle minner om dei tidlegare dagane som familie. Gode minner. Men med livet kjem også rotet, som stort sett mor og far endar opp med å rydde. Eg trur ikkje eg har teljinga over kor mange gongar eg har sett mine foreldre gå rundt å samle koppar og fat slik dei kan sette på den siste oppvasken for dagen. Når vi står opp morgonen etter er maskina tømt og klar for å romme restane etter familiefrukostens slagmark.

Takk gud for at vi har oppvaskmaskin.

Nokre av dykk har også fått barnebarn og det er jo sjølvsagt eit av dei store høgdepunkta i livet. Instinktet for omsorg blir fornya og de bruker mykje av tida på å leike, halde, bytte bleiar og avløyse slitne småbarnsforeldre. Dei gamle leikene blir dratt fram og kan endå ein gong glede små hender.

Huset blir fylt med liv, som vekker gamle minner om dei tidlegare dagane som familie

Men jaggu blir det ein del rot av desse små barna. Og jaggu er det som regel bestemor og bestefar som ryddar opp. Når generasjonen i midten har kvilt seg litt og er klar for trilleturen som skal bysse dei små i søvn, då er det på tide å shine opp stova igjen. Kanskje, om ein har flaks, er det også tid til 10 minutt på auget før det er fullt køyr med bilar og tog igjen. Her snakkar vi heltar.

Det som er veldig fint, og kanskje ein smule, er at det verkar som om dette er fullstendig verdt det. Sjølv om det kan vere slitsamt og sjølv om de ikkje får så mykje skryt for arbeidet, så er de fortsatt blide og verkar tilsynelatande takknemlege for at vi ungane kjem heim.

Men med livet kjem også rotet

Derfor vil eg på vegner av meg sjølv, og alle andre som kjem heim til jul, seie: TAKK! Takk for at de år etter år har lyst til å gjer dette. Det er den varmen og omsorga som gjer at jula er så fin, i alle fall for min del. Vi set fryktelig stor pris på det.

Godt nytt år.

Les også Erlend Skjetne sitt meiningsinnlegg om jul: «Personleg har eg alltid likt ein del høgtider betre enn jula, som verdsdagen for trekkfuglar…»