O jul med din vreide

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kjære vener og familie!

Nok eit år er snart ved enda. Takk for alt!

Personleg har eg alltid likt ein del høgtider betre enn jula, som verdsdagen for trekkfuglar, for ikkje å nemne den internasjonale dagen for refleksjon over folkemordet i Rwanda.

Men no som eg har vorte familiefar, har eg bestemt meg for å finne jula «koseleg». Då høyrer det med å sende eit julebrev til ein haug med folk som vil kike forakteleg på det, og så la det liggje ulese i ein haug med aviser og reklame i nokre månader, til det ikkje lenger er hjarterått å kaste det. I dette brevet vil eg syne fram for verda kor vakker, vellykka og interessant familien vår er. Det lett retusjerte familiebiletet på toppen er det aller koselegaste.

Personleg har eg alltid likt ein del høgtider betre enn jula, som verdsdagen for trekkfuglar

Eg må orsake at dette diverre utgår i år, då det var noko feil med kameraet. Men i det nye året vurderer eg sterkt, som den ihuga hobbyfotografen eg er, å investere i eit Nikon ZX9325 spegelreflekskamera til berre 29.995, mest fordi det er artig å forevige dei mange flotte turane vi som familie er på. Seinast i går gjekk eg til dømes ein tur til butikken, der eg kjøpte 44 bleier og 18 Frydenlund bayer. Alltid deilig å koma seg ut!

Ja, det er viktig for oss som familie å vera aktive. Eg bruker å seia at eg er som Hitler, ein veldig aktiv person. Før brukte Konemor å le av vitsane mine, og eg vonar at ho vil gjera det att i året som kjem. Per no er det berre eg som ler av dei, men det er ikkje verst berre det. Konemors nyttårsforsett var å byrja gå på treningsstudio, så i august kjøpte ho eit årskort på Sats. Gongene ho har brukt det, kan teljast på ei hand utan fingrar. Men i ein samfunnsengasjert familie som vår, er det uansett viktig å drive veldedigheit på eitkvart vis.

Sjølv er eg òg glad i å bruke kroppen aktivt, og har i år fatta spesiell interesse for lommetennis. I sumarferien ville Konemor gjerne dra på ein romantisk tur til Paris. Eg minna henne venleg om kor tjåkfullt, dyrt og varmt det er der nede, og organiserte noko mykje gjævare: ein tur med hurtigbåten til Nordmøres Paris, Kristiansund. Vi sette att Lille engel hjå mormor og morfar, og hadde det svært så romantisk på klippfiskmuseet. Visste du at Kristiansund i 1876 eksporterte over 21.000 tonn klippfisk? Det er slike artige faktoidar som gjer livet verd å leva, og som gjorde årets sumarferie til ei svært minneverdig oppleving for oss båe to.

Eg organiserte noko mykje gjævare: ein tur med hurtigbåten til Nordmøres Paris, Kristiansund

Men det hjelper ikkje kor mange flotte ferieturar ein fer på, om ein ikkje har det bra i kvardagslivet. Ingen gjev oss meir latter og glede enn Lille engel, som snart fyller to. Når klokka er fem om natta og eg har sete frå klokka tri og freista få henne til å sova, kan eg ikkje anna enn le. Med den hysteriske, gråtkvelte latteren vekkjer eg Konemor, og så kjem ho òg inn til meg og den vesle, og så er vi ein manisk lykkeleg liten familie.

Men sjølv om vi er utruleg opptekne av å arbeide saman som eit team, ser vi verdien av å gjera aktivitetar kvar for oss, for å utvikle oss som individuelle personar. Til dømes liker eg å sitja ved PC-en og drikke øl, medan Konemor liker å sjå på TV og drikke vin. Vi utfyller kvarandre som pest og kolera. Eller for å seia det med eit av Nils-Fredrik Nielsens rørande visdomsord: «Etter at de giftet seg, holdt de sammen i tynt.» I det nye året har eg forresten tenkt å engasjere meg meir i politikken, fordi eg har lese at nøkkelen til lykke – i den grad eg overhovudet kan bli lykkelegare enn eg allereie er – skal vera å investere tid og krefter i saker som er  større enn ein sjølv. Spesielt vil eg slåst for kvinners uinnskrenka rett til abort, heilt fram til 41. veke av svangerskapet.

Etter at de giftet seg, holdt de sammen i tynt

Men i det siste har det naturleg nok gått mest i juleførebuingar. Eg har allereie bakt éin sort, nemleg mang ein pris snus. Konemor har steikt ostesmørbrød. Kva gjeld juletre, har vi valt å tenkje på miljøet i år. Fjorårets dvergfuru ligg framleis på verandaen, så det er berre å hengje på henne litt grøn girlander, og så blir alt både fred og frygd. Med gåvehandelen er eg alt komen langt. Lille engel fekk jo livets gåve av meg, så til henne er det overflødig med anna gåve i år. Konemor har ynskt seg ein spaweekend på høgfjellshotell, så eg tenkte å overraske henne med nye ergonomiske lisser til fjellskorne ho aldri har brukt. Vi kjem til å le oss skakke, båe to.

Julaftan skal vi feire med Konemors foreldre, fire sysken og fjorten tanter med til saman triognitti ungar. Fordi eg trur sterkt på familiefellesskapet, der alle bidreg i høve til sine personlege evner og eigenskapar, har eg  tilbyde meg å ta med salt og pepar til maten. Det blir ganske sikkert «god stemning» kring bordet, som det alltid er. Men når ribba er fortært, dei to hundre skitne tallerkenane dekte av to tonn fargerikt innpakningspapir, når juletreet har velta og alle ungane har sovna ifrå dei tusen gåvene som allereie er keisame, og berre eg og den dauddrukne onkel Hallfred frå Brøstadbotn sit og dyppar kvar vår tørre goro i årgangswhiskyen eg fekk av ein svoger og eigentleg skulle spara til jula 2030 for å få fram riktig fylde og patina – då trur eg nok at julestemninga endeleg skal senke seg over meg òg, som den klamme, lodne handa til ein liten, feit og pervertert fjøsnisse.

Riktig god jul, og eit velsigna nyttår!

Hjarteleg helsing
Kjernefamilien.