Kraftig klimaeffekt på Svalbard

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Heller tvert imot. I staden for snø kjem regn, som frys til is på bakken og hindrar dyra i å komme til vegetasjonen dei lev av.

Det kjem fram i to nye studiar, publisert av forskarar ved Framsenteret i Tromsø.

QUIZ: Kva veit du om klimaendringane?

Sårbart økosystem

Forskarane har synt korleis mildvêrsperiodar med regn på vinteren er det verste for dei tre planteetarane, rypa, reinen og markmusa, på Svalbard. Bestandane i dyresamfunnet får ein knekk som er proporsjonal med nedbørsmengda, syner studien, ifølgje UiT.no.

På Svalbard er det berre fire varmblodige dyreartar som overvintrar på den høgarktiske tundraen. Svalbardreinen, svalbardrypa, austmarkmusa (som har følgt russarane til øygruppa) og rovdyret fjellreven.

Den manglande tilgangen på næring fører til auka vinterdødelegheit og dårlegare ungeproduksjon på våren. Medan bestandknekken hjå dei tre planteetarane kjem synkront med regnvêrsvintrane, kjem fjellreven sin knekk først eitt år på etterskot.

Ifølgje forskarane skuldast nedgangen i talet på fjellrevar hovudsakleg minska tilgang på kadaver av rein.

LES OGSÅ: Hyllar Svalbard med film

– Overraskande

At nedising av tundraen påverkar enkelte arktiske dyreartar er også kjent frå tidlegare studiar. Det nye i denne studien er kor likt heile samfunnet av varmblodige dyr som overvintrar på tundraen vert påverka av vinterklimaet.

– At dyreartar med så vidt forskjellig kroppsstorleik, mobilitet, levealder og reproduksjon reagerte nær identisk dei midle vintrane overraska oss, seier forskar Audun Stien frå Norsk institutt for naturforsking i Tromsø til UiT.

Han meiner den tydelege samanhengen truleg skuldast at denne type klimapåverknad opptrer spesielt kraftig og hyppig på Svalbard.

– Det enkle, høgarktiske økosystemet vert styrt av nokre få viktige samanhenger, seier Stien.

Les fleire saker frå Svalbard her!