Håpar den norske regjeringa sikrar tilgang til høgare utdanning globalt
Beathe Øgård er skuffa over at verda framleis er vitne til overgrep mot studentar og utdanningsinstitusjonar. I 2019 håpar SAIH-leiaren at regjeringa bidreg til endring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kva har gledd deg mest dette året?
– I 2018 er eg svært glad for at SAIH har bidratt til å skape ein stor debatt og engasjement rundt avkolonisering av høgare utdanning blant norske studentar og akademikarar.
– Eg er også veldig glad for at det er stadig stor støtte og eigarskap blant dei politiske partia og høgare utdanningssektoren til Students at Risk-ordninga for forfølgde studentaktivistar. Dette er studentar som på grunn av sitt engasjement for demokrati og menneskerettar har vorte fråtekne sin rett til høgare utdanning, men får fullføre utdanninga si i Noreg. Fleirtalet i Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget har bedt Utanriksdepartementet om å vidareføre ordninga til 2021, og vi er glade for at ordninga vert tatt på alvor og sender eit viktig signal om at studentaktivistar ikkje skal la seg true til tausheit.
Les meir om ordninga som støttar «verdas modigaste studentar» her.
– Kva har skuffa deg mest?
– At vi er vitne til stadig fleire overgrep og brot på studentar sine rettar globalt. I 2018 dokumenterte Scholars at Risk-nettverket 294 angrep på studentar og tilsette ved høgare utdanningsinstitusjonar i 47 land. Det er ei auke i talet angrep på høgare utdanning globalt med ein alarmerande frekvens som i større grad må reagerast på med fordømming av overgriparane og vern av studentar, akademikarar og høgare utdanningsinstitusjonar.
– Situasjonen og den politiske utviklinga i Nicaragua er spesielt urovekkande og det har vore skuffande å sjå mangelen på støtte og internasjonal fordømming av grove menneskerettsbrot mot studentar og sivilsamfunn som demonstrerer for eit meir fritt og demokratisk samfunn.
– Kva er ditt største ønske for 2019?
– Mitt største ønske for 2019 er at den norske regjeringa prioriterer rettferdig tilgang til høgare utdanning globalt, og at dette vert synleg i den nye regjeringserklæringa. SAIH har akkurat vorte vald inn i styret i Global Campaign for Education, ei global rørsle som representerer sivilsamfunn frå heile verda og som legg til grunn at utdanning er ein universell menneskerett.
– Verdas unge menneske ønskjer tilgang til høgare utdanning for å bidra til å skape endring i eigne lokalsamfunn!