Stadig fleire ønsker forbod mot private fyrverkeri på nyttårssafta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i ei undersøking frå Noregs Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO). Ifølgje undersøkinga meiner over 60 prosent at privat bruk av fyrverkeri bør bli forbode dersom kommunen står for offentleg oppskyting av fyrverkeri på nyttårssafta.

Tredje juledag starta det årlege nyttårssalet av fyrverkeri til private brukarar i butikkar som har fått løyve til å selje fyrverkeri. Sal av fyrverkeri over disk kan berre føregå i tidsrommet mellom 27. til 31. desember, og det blir stilt krav til at forhandlarar av fyrverkeri har gjennomført kurs og sertifisering hos Norsk brannvernsforeining, ifølgje forskriftene.

NITOs visepresident Kjetil Lein er kommuneingeniør og har mange år bak seg som brannmannskap. Han har sett skadeverknadane av fyrverkeri på nært hald og peikar særleg på at det er eit paradoks at det blir stilt så strenge krav til oppbevaring og sal av fyrverkeri, men at det blir tillatt å fyre opp mens nordmenn ofte er på sitt fullaste.

– Første nyttårsdag er vi einige i at dette er berre tull når vi ser augeskadar og alvorlege personskadar. Det er jo eksplosiv vi snakk om, og dette skal vi la vanleg folk fyre opp mens dei er på sitt fullaste. Det er kjempeskummelt, og eg synest det er ganske underleg, seier Lein til NTB.

– Vi leikar hemningslaust med sprengstoff akkurat denne dagen.

Kva meiner du om fyrverkeri?

Kva meiner du om fyrverkeri?

Ja til totalforbod!50
Privat bør bli ulovleg35
Greitt slik det er i dag24
Ja til fyrverkeri heile året273
Svar totalt: 382

På helsa laus

Kvart år fører bruk av fyrverkeri til bygningsbrannar, skogbrannar og grasbrannar. I tillegg får mange personar skade på kropp og andlet, og treng legebehandling som følgje av brann- eller eksplosjonsskadar.

Nyttårsfeiringa i 2017 førte til 63 registrerte uhell ifølgje tal frå Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB). Totalt vart 36 personar skadd i desse uhella. 14 av dei som vart skadd under fjorårets nyttårsfeiring hadde skader på fingrar eller hender, mens 9 personar fekk skader i hovudet eller andlet.

Ifølgje forskriftene kan kommunane innføre lokale avgjerder om bruk av fyrverkeri, og som regel er det forbode å bruke fyrverkeri på andre dagar enn nyttårssafta mellom 18 og 02. Likevel meiner Lein det er på høg tid å ta debatten om eit forbod, i alle fall i byane og tettstadene der kommunane har eit offentleg tilbod.

– I byar og store tettstader der det samlast mykje folk så høyrer ikkje dette heime. Det er jo livsfarleg stoff. Det er klart at dei fleste har det triveleg, men det er ein del tragediar og desse skadane kostar samfunnet mykje, seier Lein til NTB, og legg til at det er på høg tid å ta denne debatten.

LES OGSÅ: Dyrebeskyttelsen vil forby fyrverkeri

– Må ta debatten

Etter at forbodet mot privat bruk av rakettar med styrepinne vart innført 2008/2009 har talet på ulykker gått ned, men fyrverkeri er eksplosiv og må bli behandla deretter. Norsk brannvernsforeining rår alle å følgje fyrverkerireglane.

Ifølgje Norsk brannvernsforeining kan det vere lura å førebu fyrverkerioppskytinga god tid før mens det framleis er lyst ute, lese bruksrettleiinga nøye før bruk og kontrollere at fyrverkeriet er godkjent for bruk i Noreg. I tillegg er det viktig å halde god avstand frå oppskytinga, sitje på huk, nytte tennstav og aldri bøye seg over påtent fyrverkeri.

Den viktigaste regelen i norsk brannvernsforeining er likevel å la ein edru person ta seg av oppskytinga. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. (©NPK)

LES OGSÅ: Nyttårsrakettane kan vera helseskadelege