Dyrebeskyttelsen vil forby fyrverkeri
Dyrebeskyttelsen ønskjer å forby fyrverkeri i Noreg. Dei meiner mange dyr og menneske har det forferdeleg på nyttårsaftan.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dyrevernorganisasjonen oppmodar mellom anna norske kommunar om å sjå til Sverige der fleire kommunar har gått bort frå tradisjonen med fyrverkeri på nyttårsaftan.
– Det er ein fantastisk idé at fleire kommunar i Sverige går vekk frå fyrverkeri, for å skåne dyr og menneske som blir redde på nyttårsaftan. Veldig mange har det heilt forferdeleg den dagen, seier kommunikasjonsrådgivar i Dyrebeskyttelsen Annette Bjørndalen Søreide til NRK.
Ho meiner ein i staden for fyrverkeri kunne innført lysshow på nyttårsaftan og på den måten skåna både dyr, menneske og miljø. (©NPK)
Kva meiner du? Bør det bli forbod mot fyrverkeri nyttårsaftan?