Nyttårsrakettane kan vere helsefarlege

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot farlege partiklar

Dei skadelege småpartiklane frå fyrverkeri er svevestøv og kallast ofte PM2,5.

– Det finst ingen konkrete anslag over kor farlege partiklane er, men med alt dei inneheld av krut, kol, metall og anna, er det sannsynleg at dei er meir skadelege enn berre PM2,5-partiklar, seier Titus Kyrklund i det svenske miljøverndepartementet.

LES OGSÅ: Fleire døyr utan bilbelte

Metall blir brukt til å lage fargeeffektar, blant anna raudt med litium, grønt med barium og sølv med aluminium.

I Noreg opplyser Miljødirektoratet at oppskyting av fyrverkeri kan gi høg lokal konsentrasjon av svevestøv, og at kombinasjonen av svevestøv og enkelte metall kan ha helsemessig betydning. Men fordi eksponeringa er relativt kortvarig, ser det ikkje ut til å gi uønska helseeffektar hos friske menneske. Personar med astma, alvorlege hjarte- eller lungelidingar og andre spesielt følsame personar burde unngå å vere utandørs i område med mykje oppskyting av fyrverkeri.

I USA under hausttakkefesten åtvara miljøverndepartementet mot helsefarleg røyk frå fyrverkeri, som ifølgje styresmaktene aukar risikoen for hjarteinfarkt, hjerneslag, astmaanfall og lungebetennelse.

LES OGSÅ: Vil på jakt i romjula