Siv Jensen om regjeringsforhandlingane: – Det er uaktuelt å auke skatte- og avgiftsnivået

Frp kjem ikkje til å delta i ei regjering som aukar skatte- og avgiftsnivået, understrekar Siv Jensen i forkant av forhandlingane om samarbeid med KrF.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Uaktuelt å auke skatte- og avgiftsnivået

– Det er ikkje aktuelt å skjerpe skatte- og avgiftsnivået, heller ikkje bilavgiftene. Skatte- og avgiftsnivået skal ned, ikkje opp, seier finansminister og Frp-leiar Siv Jensen. Bodskapen er mynta på KrF, som i budsjettsamanheng har gått inn for milliardauke, mellom anna i eingongsavgifta og drivstoffavgiftene.

Dei tre regjeringspartia og KrF vart langt på veg ferdig med sonderinga før jul og vil etter alle solemerke innleie formelle regjeringsforhandlingar over nyttår.

Jensen understrekar at det kjem til å bli «alle mot alle», og ikkje «tre mot ein» når forhandlingane startar.

– Vi må ha synleg gjennomslag for politikken vår – det vere seg innanfor asyl-, innvandrings- og integreringspolitikken, skatte- og avgiftsopplegget og samferdsels- og bilpolitikken. Framstegspartiet sit ikkje i regjering for moro skyld, men for å gjennomføre politikken vår, seier ho.

Alliansar og omkampar

At korta blir delt ut på nytt, betyr at Venstre og KrF kan slå seg saman for å stå sterkare mot Frp når dei ser seg tent med det, til dømes i klimapolitikken, og at Frp kan prøve å få reversert KrF-sigrar, som fjerninga av momsgrensa på småhandel og dei nylege innstrammingane i taxfree-ordninga.

– Dei er viktige for å byggje tillit mellom partia. Sjølv om det er fleire tema vi lett kan bli einige om, er det er klart at det også er mange saker det blir krevjande å finne ut av, seier ho.

Den som har følgt KrF-leiar Knut Arild Hareides ordkrig med Frp gjennom hausten, vil nok ha vurdert det som høgst usannsynleg at dei to partia skulle setje seg saman for sjå på moglegheita for å danne regjering.

Men no har Hareide plassert seg sjølv på sidelinja og gitt rolla som forhandlar til den nye leiarstjerne på den konservative fløya i partiet, Kjell Ingolf Ropstad. Han er dessutan av mange sett ut til ny partileiar på sikt, og står fram som meir venlegsinna overfor det politiske høgre.

Smertefulle øyrefikar

Partileiar Jensen lèt seg ikkje lure utpå til å karakterisere motpartane sine offentleg. Ho vil derfor ikkje medgi at ho trekte eit letta sukk då det viste seg at det er Ropstad ho skal i regjeringsforhandlingar med, og ikkje den Frp-allergiske Hareide.

Ho og partiet har gong på gong påpeikt kor smertefullt det har vore for Frp å bli pressa til yttergrensene i budsjettforhandlingar, for så å bli stukke med verbale knivar av ein potensiell partnar.

– Det har vore ein utfordrande haust, med KrFs lange rekke med øyrefikar mot Frp. Det har vore krevjande for våre tillits- og folkevalde å få den typen karakteristikkar. Skal vi klare å lykkast no, må det byggjast tillit oss imellom, seier ho.

Hareide har gjennom heile leiarperioden sin hamra inn bodskapen om den store politiske avstanden mellom Frp og KrF i sentrale verdispørsmål og lenge avskrive moglegheita for eit regjeringssamarbeid. Men dette politiske bakteppet kan no slå sprekkar.

Kan halde fram utan KrF

Jensen har eit nøkternt forhold til dei kommande regjeringsforhandlingane. Ho deler ikkje oppfatninga hos mange kommentatorar om at dei er «dømt» til å lykkast. Og viss dei tre gamle regjeringspartnarane H, KrF og V skulle samle seg om noko Frp finn uetande, stoppar prosessen opp.

– Då blir det inga utviding av regjeringa. Landet har ei regjering, og forhandlingane handlar om i kva grad ho skal utvidast med KrF. Eg er ganske sikker på at dette er innanfor rekkevidde for å bli mogeleg. Det er iallfall utgangspunktet mitt, seier Jensen.

Men ho stadfestar samtidig prinsippet om at Frp ikkje støttar ei regjering partiet ikkje deltek i. Det betyr at Erna Solberg ikkje kan velje seg ei mindretalsregjering med dei gamle samarbeidspartnarane sine og så søke parlamentarisk støtte hos Frp.

– Forhandlingar skjer i lukka rom. Eg har ikkje tenkt å spekulere i ulike regjeringskabalar, seier Jensen, på veg ut departementet for å rekke statsråd på Slottet. (©NPK)

Les siste nytt om politikk her!