Dette kan du gle deg til i kulturåret 2019

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kanskje største som skjer i kulturåret 2019, er at Noreg skal vere gjesteland under den tyske bokmessa i Frankfurt.

Kulturminister Trine Skei Grande gler seg over at Noreg skal vere hovudland under den store bokmessa i Frankfurt neste år. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Dette er den største salsmessa for bøker i verda, og ho trekker til seg rundt 300.000 besøkjande.

Hovudlandet har ein eigen paviljong og eit eige program med over 300 opplesingar, foredrag, debattar og konsertar.

– Dette er ein av dei største kultursatsingane vi gjer i utlandet i nyare tid, og kan opne mange dører internasjonalt, meiner kulturminister Trine Skei Grande (V).

I 2019 er Noreg også fokusland på filmfestivalen i Berlin og partnarland under Jazzahead i Bremen.

Er du ein bokorm? Test kva du kan om Nobelprisen i litteratur!

Produktive Jo Nesbø kjem med ny Harry Hole-bok neste år. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

To store aktuelle

To norske kulturpersonlegdomar som er kjende over heile verda, Jon Fosse og Jo Nesbø, kjem begge med bøker i 2019.

Under bokmessa i Frankfurt i oktober neste år blir første bind låg Fosses nye storverk «Septologien» lansert parallelt på fleire språk, opplyser forlaget hans Samlaget.

Jo Nesbø kjem neste år med den 12. boka om Harry Hole – «Kniv». Ifølgje Nesbøs nettside startar ho der den førre Hole-boka «Tørst» sluttar. Forlaget hans Aschehoug opplyser at boka blir lansert 6. juni.

Les også: Google feira Roald Amundsen med eigen Doodle

Per Petterson-roman blir film

Filmfolket kan glede seg til mellom anna ein storfilm om polfarar Roald Amundsen og livet hans. Pål Sverre Hagen har tittelrolla i «Amundsen», som kjem på norske kinoar 15. februar.

Storfilmen «Amundsen» er regissert av Espen Sanberg, som har stått bak norske suksessar som «Max Manus» og «Kon-Tiki» saman med tidlegare makkar Joachim Rønning.

Kommunikasjonsrådgjevar Jakob Berg i Norsk filminstitutt trekker fram «Amundsen», «Psychobitch» og «Ut og stjæle hester» når han blir beden om å velje tre norske filmar som får premiere neste år.

Drøymer du om ei filmrolle? Her er castarane sine beste tips!

«Ut og stjæle hester» er basert på Per Pettersons prisvinnande roman med same namn. På rollelista står blant andre Stellan Skarsgård og Bjørn Floberg. Regien er ved Hans Petter Moland, premiere 8. mars.

Sjå traileren til «Ut og stjæle hester» her:

«Psychobitch» får premiere allereie 11. januar. Målgruppa er 12-15-åringar.

– Dette er ei målgruppe som altfor sjeldan får filmar laga for seg. Strålande film om umogleg kjærleik, generasjonar, prestasjon og om å våge å vere den ein er. Morosam er den òg, seier Berg.

Ei av hovudrolleinnehavarane, Elli Rhiannon Müller Osbourne, var nyleg å sjå i ei rolle i Erik Poppe sin «Utøya 22. juli». I tillegg kan ein sjå heile Noregs Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik, i ei lita rolle.

Sjå traileren til regissør og manusforfattar Martin Lund sin «Psychobitch»:

Les også: Musikalen «Lazarus» er vårens storsatsing på Det Norske Teatret

Renberg og Lygre

Ein av storsatsingane på teatera til våren er Det Norske Teaters oppsetjing av Bowie-musikalen «Lazarus». Men Riksteatrets sjef Tom Remlov trekker fram ei anna framsyning ved nynorskteateret.

– «Tante Jane» av Tore Renberg på Det Norske Teatret er ein urpremiere gøymt bort på Scene 3. Men her er det ei forrykande besetning med Marit Adelaide Andreassen i spissen. Uansett sjanger byr Renberg på overraskande, men djupt menneskelege historier, og med eit persongalleri som på same tid er både originalt og ordinært, seier Remlov til NTB.

Etter å ha debutert som nynorskforfattar har Tore Renberg vorte ein mann som engasjerer seg i målsaka. Under Kapittel-festivalen i år oppmoda han alle til å «gå heim og gje nynorsken ein sjanse».

Det Norske Teatret set på nyåret opp eit nytt stykke signert Tore Renberg. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Riksteater-sjefen plukkar òg ut uroppføringa «Meg nær» av Arne Lygre på Nationaltheatret og «Kristin Lavransdatter» på Trøndelag Teater. Den siste dramatisert av Kjersti Horn og Kristian Strømskag Lykkeslet, med regi av Horn.

– Samtidig må eg understreke at eg synest vitaliteten i norsk scenekunst er så stor for tida, at eg godt kunne valt meg eit heilt anna knippe, seier Remlov.

Hans eige teater kan til våren mellom anna by på ei dramatisering av Morten Strøksnes’ suksessroman «Havboka» og klassikaren «Fuglane» av Tarjei Vesaas. Begge skal på turné til 70 stader over heile landet.

Les intervju med Strøksnes: – Eg vil påstå at boka ikkje i det heile er macho

Arkitektur og Vigeland

Når kommunikasjonsrådgjevar Elise Lund ved Nasjonalmuseet blir beden om å trekke fram to høgdepunkt frå programmet for 2019, fell valet på markeringa av Vigelandsjubileet og ei utstilling i Nasjonalmuseet – Arkitektur med namnet «Utestemme.»

Det skal markerast at det neste år er 150 år sidan Gustav Vigeland, mannen bak Vigelandsparken, blei fødd. Foto: Kari Hamre / NPK

«Utestemme», som blir opna 8. februar, vert laga i samband med at det neste år er 100 år sidan Noreg fekk den første utdanninga for landskapsarkitektar på Ås. Noreg var faktisk først i Europa med denne typen utdanning. Utstillinga viser teikningar, fotografi og modellar til ulike prosjekt – blant dei Hydroparken, Jordal idrettspark, Torshovparken, Tønsberg kyrkjegard, fleire hageanlegg og kolonihagar.

Og neste år er det 150 år sidan Gustav Vigeland vart fødd.

– Vi markerer Vigelandsjubileet med vandreutstillinga «Angsten i sofaen», der vi viser ei meir ukjend side av Vigelands arbeid. Tema er sjalusi, avvisning og einsemd som vi alle baksar med iblant, seier Elise Lund.

20 små originale skulpturar skal sendast på turné over heile landet dei neste to åra. Første stopp er Stavanger 23. mars. Utstillinga skal òg visast i Mandal, Ålesund, Molde, Førde, Alta, Bodø og Haugesund.

Sjølve markeringa av jubileet blir organisert av Vigeland-museet, der det òg blir ei stor utstilling om bildehoggaren neste år.