Google feirar Roald Amundsen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

14. desember 1911 nådde Roald Amundsen og teamet hans fram til Sørpolen. Det var den første vellukka ekspedisjonen til det sørlegaste punktet på jordkloten.

I dag markerer Google 105-årsdagen for polferda med ein Doodle – ein illustrert versjon av Google-logoen, laga for eit spesielt høve.

På doodlen ser me teltet til Amundsen og mannskapet hans på Polheim, som dei kalla basen sin på Sørpolen. Over teltet vaiar silhuetten av det norske flagget.


Slik såg det ut på ekte: Roald Amundsen, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting ved teltet på Sørpolen. Olav Bjaaland tok biletet.

«Amundsen var kjent som 'den siste vikingen', ein livslang eventyrar med ei gåve for organisering og planlegging», skriv Google i høve markeringa.

Amundsen og eit mannskap på 19 reiste frå Noreg med polarskuta «Fram» 9. september 1910. Med god hjelp av 100 grønlandshundar vann dei kappløpet om Sørpolen mot den britiske Terra Nova-ekspedisjonen leia av Robert Falcon Scott, som møtte det norske flagget då dei nådde polpunktet 18. januar 1912.


«Fram» fotografert i Antarktis. Skuta hadde tidlegare blitt brukt i arktiske ekspedisjonar av Fridtjof Nansen og Otto Sverdrup.

LES OGSÅ: I 2013 laga Google ein Doodle til feiringa av 50-årsdagen til Doctor Who.