Her knuser Helen Pankhurst butikkvindauga – 106 år etter oldemor

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2018 er det hundre år sidan kvinner i Storbritannia fekk stemmerett. Dette skjedde ikkje over natta, men var eit resultat av mange års kamp frå kvinnerørsla som vart kalla suffragettane.

I samband med 100-årsjubileet for allmenn stemmerett lanserte borgarmeisteren i London, Sadiq Aman Khan, og London Fashion Week kampanjen #BehindEveryGreatCity.

Kampanjen tek sikte på å løfta fram kvinnesakshistoria, samt setja fokus på det som gjerne vert kalla glastaket for kvinner.

London er ein by med mange attraktive stillingar, men har det største lønnsgapet mellom kvinner enn menn i heile Storbritannia.

Les også: Historia bak den verkelege «Black Friday»

«Deeds not words»

Torsdag førre veke gjenskapte ni utvalde kvinner hendingane frå 1912, då suffragettar under slagordet «Deeds not words» knuste butikkvindauge i den britiske hovudstaden.

Den tradisjonsrike kjeda Harvey Nichols fekk knust åtte vindauge av sufragettleiar Emmeline Pankhurst og hennar støttespelarar.

Over 100 år seinare fekk oldebarnet, Helen Pankhurst, og åtte andre kvinner æra av å gjenskapa hendinga i meir kontrollerte former.

– Kvinner vart fengsla og sendt til hardt arbeid for desse handlingane, men takka vere deira dedikasjon og offer, sikra dei retten til å stemme, sa Helen Pankhurst.

Ho understreka at sjølv om kampen er kome langt, er det framleis mykje som står att.

– Det er veldig viktig at me òg ser framover og er merksame på glastaket, som framleis er der og må knusast, sa Pankhurst til dei frammøtte.

I 1912 var kjeden betydeleg meir oppteken av dei materialle skadene enn kampsaka til kvinnene, men i 2018 har pipa fått ein anna lyd. Heile september feirer kjeden stemmerettsjubileet med ei rekke arrangement og ei mellombels namneendring til Holly Nichols.

Kjeden har mellom anna sett opp Holly Nichols-skilt på flaggskipbutikken i London og endra namn på både posar og kontoar i sosiale-medier.

Kampanjen «Let’s hear it for the girls» har likevel fått noko kritikk for å ikkje løfta fram den kvinnelege medgründaren Anne Harvey, som formaliserte sin avdøde ektemann Benjamin Harvey sitt samarbeid med James Nichols og stifta Harvey Nichols & Co.

 

Les også: Kvifor har menn meir makt enn kvinner?

Kampen for stemmerett

På midten av 1800-talet kom det stadig nye grupper som kjempa for stemmerett for britiske kvinner, før dei i 1867 samla seg i ein landsomfattande organisasjon, National Society for Women’s Suffrage.

Rørsla fekk sikra avgrensa kommunal stemmerett allereie på 1860-talet og ugifte kvinner fekk myndigheit i 1882.

Emmeline Pankhurst fotografert av Matzene Studio i Chicago. Foto: United States Library of Congress's Prints and Photographs division

Emmeline Pankhurst fotografert av Matzene Studio i Chicago. Foto: United States Library of Congress’s Prints and Photographs division

Fordi kvinnene ikkje fekk gjennom den store fanesaka om allmenn stemmerett vart dei stadig meir radikale fram mot første verdskrigen. Den mest radikale organisasjonen, Women’s Social and Political Union, vart skipa av Emmeline Pankhurst i 1903.

Etter få år byrja to av hennar døtre å jobba i organisasjonen. Ei av desse var Sylvia Pankhurst, bestemor til Helen.

I 1912 stakk regjeringa kjeppar i hjula for enda eit forslag om stemmerett for kvinner. Dette resulterte i fleire raid med vindaugsknusing og ildpåsetting frå sufragettane si side. Fleire vart fengsla og kjempa vidare gjennom sveltestreikar.

Frå og med 1918 fekk kvinner over 30 år i Storbritannia endeleg stemmerett. Menn hadde på si side stemmerett frå 21 år. Først i 1928 vart det innført stemmerett på same vilkår for begge kjønn.

Også dei tradisjonsrike kjedene Harrods og Fortnum & Mason feirar jubileet med vindaugsutstillingar knytt til kvinnekampen: