Noregs aller rikaste eig stadig meir
10 prosent av norske hushald eig over halvparten av den samla formuen, viser tal frå SSB. Og dei rikaste har auka sin del av kaka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Torsdag publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) ny statistikk over inntektene og formuane til norske hushald i 2017. I snitt hadde kvart hushald ein formue på 2,8 millionar kroner.
– Formuen til hushalda vart meir konsentrert i toppen av fordelinga i 2017. Dei 10 prosenta av hushalda som hadde størst nettoformue, eigde litt over halvparten, 51,6 prosent, av den totale nettoformuen til hushalda, skriv SSB i gjennomgangen av tala.
Gjennomsnittleg formue på 14,4 millionar
Ifølgje tala hadde dei 10 prosent rikaste hushalda ein gjennomsnittleg nettoformue på 14,4 millionar kroner. Dei 10 prosentane med minst formue hadde i snitt gjeld på litt over 1 million kroner, basert på tala i skattemeldinga.
Det er bustader som utgjer størsteparten av formuen blant hushalda i Noreg.
– I 2017 eigde 69 prosent av alle privathushalda primærbustad. Den berekna marknadsverdien av desse svarte til nesten 6.000 milliardar kroner, eller 3,6 millionar kroner i gjennomsnitt for dei som eig ein slik bustad, skriv SSB.