Julegåvetips til den eine

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Merch

Sondre Justad er ein av mange artistar som sel spesialdesigna merch. Foto: Sondrejustad.no

I ei verd der CD-salet stupar har artistar no sett æra si i å selja kul merch. Dette er ei gåve som må tilpassast mottakaren, men om du treffer seier det noko om at du kjenner hen godt.

Bergensbandet Datarock var tidleg ute med å få fansen til å kle seg i raude joggedressar, men no kan du òg få kule Razika-genserar, No. 4-capsar og -magevesker, Sondre Justad-sokkar eller Hilde Selvikvåg sine «song-scrunchies» der overskotet går til demenssaka.

For ikkje å nemne Ivar Aasen-tunet sine populære Ivar Aasen-bokserar til den nynorskglade!

Konsertbillettar

Igjen ei gåve som må tilpassast den enkelte, men ingenting seier at du er glad i nokon meir enn det at du vil tilbringe tid med dei. 

Nyleg vart det kjent at Ariana Grande kjem til Noreg neste år og at billettane til konserten på Telenor Arena vert lagt ut for sal fredag 21. desember.

2019 vert òg siste sjanse til å sjå Bergensbandet Razika live. Etter 13 år saman legg nemleg bergensarane bandet på hylla.

Razika fotografert i samband med tiårsjubileet. Foto: Linn Heidi Stokkedal.

Festivalpass

Vil du verkeleg slå på stortromma og sikre mest mogleg kvalitetstid med den du er glad i, kan du jo slå til med eit festivalpass.

Den populære fjellfestivalen Vinjerock er allereie utseld, men det finst mykje anna å ta av.

Om det vert for mykje å kjøpe eit heilt festivalpass kan det vere meir nok med eit dagspass til for eksempel Øyafestivalen.

Vinjerock i Jotunheimen er ein populær festival med avgrensa kapasitet. Òg i år vart billettane rivne vekk. Arkivfoto

Festival treng heller ikkje bety musikk.

Du har friluftsfestivalar, litteraturfestivalar, sykkelfestivalar, Ekstremsportveko på Voss og filmfestivalar, som Den internasjonale dokumentarfilmfestivalen HUMAN.

Her er det nesten berre fantasien og lommeboka som set grenser.

Teater

Teater er hakket opp frå kino både prismessig og på den kulturelle rangsstigen. Finn ei førestilling som både du og den som får gåva vil sjå.

Til våren held Det Norske Teatret fram med storsuksessen Book of Mormon. I tillegg kan du sjå Bowie-musikalen Lazarus og for den storpolitisk interesserte teatergjengaren kan sikkert det Tony-vinnande stykket Oslo om Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane vera noko.

Her kan du sjå ein liten teaser frå Det Norske Teatret:

Middag

For ein som stressar mykje med å varta opp familien i kvardagen, eller for ein fattig student, er middag på restaurant luksus. Pass berre på at du følgjer opp gåva, slik at det ikkje vert eit slikt gåvekort som berre blir liggjande.

Slit du med å finna julegåver til foreldre som allereie har alt? Her er nokre fine gåver du kan laga sjølv!

Boka «A little life» er òg omsett til norsk og har då fått tittelen «Et lite liv».

Boka du sjølv elskar

Å gje ei lesaroppleving er aldri feil og vert ekstra spesiell om det er ei bok du sjølv har lese og gått god for.

Bestseljaren A Little Life frå 2015 er ei bok som set i deg lenge etter du legg den ned, og som opnar for eit hopetal av samtalar med den du gjev den til. Den er uendeleg vond, men grenselaust fin på same tid.

Lurar du på kva bøker Tore Renberg, Anna Kleiva og Frode Grytten ynskjer seg til jul? I denne saka deler dei sine tips og avslørar kva dei sjølv håpar ligg under treet:

Frå venstre: Tore Renberg, Anna Kleiva og Frode Grytten deler sine beste boktips og avslørar kva dei sjølv ynskjer seg. Foto: Tommy Ellingsen, Yngvild Gotaas Torvik, Helge Skodvin