Norskfag utan norske dialektar?
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Norske dialektar er ikkje nemnde med eit einaste ord i utkast til ny læreplan for norskfaget.
Det er urovekkjande.
Den norske dialektvariasjonen er heilt unik. At folk kan stå på talarstolen på Stortinget og snakke det same språket som dei gjer på butikken på heimstaden, er rett og slett svært uvanleg. Gjer du det same i dei fleste andre land, blir du i beste fall sett på som lågt utdanna, i verste fall dum.
Norskfaget bidreg til å gje dialektane status, for i faget får elevane innføring i norsk talemål og den norske talemålssituasjonen. Men det kan det no bli slutt på.
I det nye utkastet til læreplan for norskfaget er nemleg ikkje ordet dialekt nemnt i det heile tatt. Elevane skal i staden lære om «språkleg mangfald», ei formulering med eit langt meir uklart innhald.
Trass i at dialektane har høg status, er dei under sterkt press frå bokmål. Dersom skuleelevar i framtida ikkje er garanterte å få vite noko om grunntrekka i det norske dialektmangfaldet og kvifor dialektane er til, vil det uunngåeleg gå ut over prestisjen til dei norske talemåla.
Dei risikerer å bli reduserte til noko «koseleg» eller «rart».
I tillegg til at dialektane har ein stor eigenverdi som bindeledd mellom høg og låg og bygd og by, fyller kunnskap om dei ein annan funksjon i norskfaget. Dei er eit nødvendig bindeledd mellom språkhistoria og dei to norske skriftspråka i dag, bokmål og nynorsk.
Manglande dialektundervisning gjer at elevane ikkje ser grunnideen med nynorsken som ei samlande skriftnorm for alle norske målføre.
Målet med fagfornyinga er meir djuplæring. Når vi skal i djupna på norsk språk, kjem vi ikkje utanom dialektane våre.
I høyringa til den nye læreplanen seier Noregs Mållag at «gjere greie for grunntrekk i norske dialektar» må vere eit punkt.
Vi vil gjerne ha mange fleire med oss på laget i striden for at dialektkunnskap framleis skal vere pensum.