At Oslo kommune vedtok forbod mot retusjert reklame på offentleg eigedom i mars, er noko av det SU-leiar Andreas Sjalg Unneland er mest nøgd med i 2018.
mm

– Kva har gledd deg mest dette året?

– Det må vere at Oslo kommune vedtok å forby reklame som bidreg til auka kroppspress på kommunen sine reklameflater.

Med det vedtaket har ungdommen vunne ein viktig siger. Det viser òg at politikarane i Oslo kommune tar kroppspress og ungdommane på alvor, og det inspirerer til å ta kampen i hele landet.

Det var jo òg året eg vart vald til leiar i SU, og det var jo veldig hyggeleg.

Det er jo andre ting. Mamma har fått ein liten kvalp. Det gjer det jo enno hyggelegare å komme heim. Det triste er at det var året eg flytta til Oslo, men det går jo fint når ein har verdas kulaste jobb.

Sjå Andreas Sjalg Unneland som nisse for Framtida.no sin julekalender.

– Kva har skuffa deg mest?

– Det må nok vere at regjeringa står og ser på og bidreg til at dei som har mest i samfunnet får meir, medan talet på barn som veks opp i fattige familiar aukar.

– Kva er ditt største ønske for 2019?

– At vi faktisk tar tak i klimaendringane. Eg ønsker at 2019 blir året der vi faktisk byrjer å handle og verkeleg startar med å senke norske klimagassutslepp.

Les også: Dette er velferdsstatens største truslar, ifølge ungdomspartia

Oppdatert: tysdag 1. januar 2019 19.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE