Julekalender 6. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak dagens lukke dukkar Andreas Sjalg Unneland, leiar i Sosialistisk Ungdom, opp. 24-åringen frå Fjell kommune i Hordaland tok over vervet i sommar og går inn i si første førjulstid som ungdomspartileiar.

Han tek ikkje lett på julefeiringa og har  ein årleg tradisjon der han og broren både skriv og spelar inn ein julesong som får premiere på julaftan. Så du som synest det er stress å skrive eit skarve julekort har ingenting å klaga på.

God 6. desember!