FpU-leiaren: – Skuffa over det politiske ordskiftet
Bjørn Kristian Svendsrud er formann i FpU. Les om kva som har gledd og skuffa han mest i året som gjekk.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skuffa over det politiske ordskiftet
– Kva har gledd deg mest i året som har gått?
– Det som har gledd meg mest i 2018 må jo vere at eg i løpet av året har blitt forlova. Eg vart òg gjenvalt som formann i FpU i april, det er også noko eg er svært takknemleg for.
Sjå Bjørn Kristian Svendsrud som nisse for Framtida.no sin julekalender
– Kva har skuffa deg mest i året som har gått?
– Eg trur eg er mest skuffa over det politiske ordskiftet denne hausten, og korleis delar av KrF har omtala FrPs verdiar og menneskesyn i negative ordelag i prosessen kor dei som parti har valt side for samarbeid. Det har vore lite hyggeleg.
Samtidig er eg opptatt av å legge det bak oss, og ser fram til forhandlingane mellom FrP, KrF, H og V.
– Kva er det største ønsket ditt for 2019?
– At FrP gjer eit godt val i september, og at flest mogleg av kommunane blir blå.
Les også: Samtlege ikkje-sosialistiske parti opne for endringar i sjukeløna