Julekalender 5. desember

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.12.2018 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak dagens luke finn du formann i Framstegspartiets Ungdom, Bjørn-Kristian Svendsrud. 26-åringen frå Horten har leia ungdomspartiet sidan 2016 og er ein ribbe og medisterkake-mann.

Tidlegare i år meldte Nettavisen at FpU-formannen fekk ja frå kjærasten Marius Muggerud då han fridde i New York. Når Framtida.no spør om kva som er den beste julegåva han har fått er det ei klokke han fekk av kjærasten tidleg i forholdet.

Årets julegåvetips frå FpU-formannen er ikkje mindre enn å kjøpa ei ku – som du slepp å ha i stova.

– Inne på Norsk Nødhjelp sine nettsider kan ein kjøpe ei ku til familiar i Afrika. Det synest eg er ei veldig fin julegåve, seier Svendsrud.