Urbane froskar kvekkar annleis enn froskar i skogen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 12.12.2018 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien, publisert i Nature Ecology & Evolution i utgåva på måndag, har sett nærare på den vesle froskearten tungara i Panama. Konklusjonen er at dei ikkje kvekkar på same måte som amerikansk oksefrosk.

Lydane til den panamanske frosken høyrest, med det menneskelege øyret, meir ut som ein høgfrekvent lyd av den typen ein kan høyre i videospel. Men hofroskar høyrer den meir som sengeprat.

Les også: Snøapen badar for å redusere stress

Effektivt parringsrop

Paringsropa til urbane froskar er raskare, det blir gjenteke oftare, og er meir detaljert, samanlikna med paringsropa til froskar i regnskogen i Panama.

Den meir fancy kjærleikssongen frå urbane froskar er meir effektiv – byfroskar har tre gonger så høgt sannsyn for å tiltrekke seg ein hofrosk, heiter det i studien.

Slik ser den sjølvlysande Sør-Amerikanske polkadot trefrosken ut. Foto: Carlos Taboada

I regnskogen treng hannfrosken å ta to omsyn: Å tiltrekke seg ein partnar, og å ta vare på eiga sikkerheit. I byen er det ingen froskeetande flaggermus. Det er òg langt mindre sannsynleg at ein frosk møter fiendar, til dømes slangar, i ein by, peiker forfattarane bak studien på.

– Ein urban hannfrosk er i stand til å ta på seg større risiko, seier hovudforfattar Wouter Halfwerk.

Les også: Oppdaga sjølvlysande frosk