Oppdaga sjølvlysande frosk

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar frå argentina har funne ein sjølvlysande frosk. Dette er første gong ein amfibie er vist å ha denne eigenskapen.

Frosken vert kalla for ein Sør-Amerikansk polkadot trefrosk, og er gulgrøn med raude prikkar i dagslys. Om du lyser på ein slik frosk med ei UV-lampe er den istaden sterkt irrgrøn. 

Liknanade eigenskapar har tidlegare blitt obsertvert hjå korallar og fiskar, men på land er det berre rapportert hjå nokre skorpionar og papegøyar. 

Første sjølvlysande amfibium
– Vi kunne ikkje tru det, seier ein av forskarane, Julián Faivovich frå Universitetet i Buenos Aires, til Nature. Det er første gong at eit amfibium er vist å ha denne eigenskapen. 

Forskarteamet fann at eigenskapen til å absorbere og sende ut ultrafiolet lys kom frå kjemiske stoff i huda og i spesielle kjertlar hos frosken.

Kanskje er dei sjølvlysande forskane starten på svaret om korleis froskar ser på verda og kvarandre. 

Resultata vart publisert i tidsskriftet PNAS denne veka. 

LES OGSÅ: Boaty McBoatface er klar for ekspedisjon

via GIPHY