Kvardagsmat-Anita: – Det blir jul sjølv om ikkje alle sju slag er på plass

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På julaftan et Kvardagsmat-bloggar Anita Stokke Blomvik pinnekjøt med rabbestappe. Foto: Kvardagsmat.no

– På julaften et eg helst pinnekjøtt, men vi lagar faktisk både pinnekjøtt og ribbe etter at mannen min kom inn i familien. Eg er likevel den som alltid forsyner meg mest av tilbehøret, og rabbestappe er heilt klart favoritten, skriv Kvardagsmat-bloggar Anita Stokke Blomvik i ein e-post til Framtida.no.

Kva gir du til den som har alt? Her er tre smakfulle gåver du kan laga sjølv!

Ingen tradisjonsfrik

35-åringen frå Ørsta har dagleg rundt 2000 lesarar på bloggen Kvardagsmat og er utan tvil ein av noregs mest populære nynorskbloggarar.

I 2018 har Anita Stokke Blomvik òg debutert som kokebokforfattar på Skald forlag. Kort tid etter lanseringa låg boka Kvardagsmat på bestseljarlistene. Førsteopplaget er no utseld, noko som betyr at det vert eit andreopplag.

Sidan Kvardagsmat-boka truleg vert å finna under mange juletre har me spurt den svært kompetente amatørkokken om hennar eigne juletradisjonar.

– Eg kjenner at dess eldre eg blir dess mindre viktig blir tradisjonane og dess viktigare blir det å samlast og vere i lag. Det blir jul sjølv om ikkje alle sju slag er på plass, understrekar bloggaren.

Anita Stokke Blomvi kan like gjerne ete mokkafromasj som riskrem på julaftan. Foto: Kvardagsmat.no

Tradisjonelle peparkaker og eksperimentell gløgg

Etter at pinnekjøtet er fortært serverer 35-åringen frå Ørsta gjerne mokkafromasj, riskrem eller karamellpudding.

– I tillegg leitar alltid mor mi fram mengder med julekaker som vi små-et på ut i dei seine timar. På kjøkkenet før jul må vi lage peparkaker. Dei andre julekakene kan vi gjerne rullere på eller prøve nye versjonar av, men peparkakene må på plass, skriv bloggaren.

Ho nyttar framleis oppskrifta frå ho var lita, som på bloggen har fått namnet «Verdas beste peparkaker».

– I seinare tid har eg blitt veldig glad i å eksperimentere med ulike gløgg-smakar. Det treng absolutt ikkje dere alkohol i dei, eplejuice med nydelege krydder funkar like bra. Med gløgg og peparkaker toppa med blåmuggost, valnøtter og honning er førjulskvelden redda, tipsar Stokke Blomvik.

Eplegløgg er ein ny favoritt for Kvardagsmat-bloggar Anita Blomvik Stokke. Foto: Kvardagsmat.no