Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er stas at bøkene blir selde! Det er klart at det har gått med mykje tid siste året på denne boka, då er det gledeleg at mange vil kjøpe den, seier ho til Framtida.no.

– Kva synest du om mottakinga?

– Det har vore berre stas. Så mange fine ord og så kjekt å sjå alle bileta som lesarane sender meg når dei lagar oppskriftene frå boka. Fiskegratengen som Wenche og eg laga på God Morgen Norge førre tysdag har verkeleg slått an, og det gjer ein kokebokforfattar glad.

Les også: Kvifor et folk meir kjøt enn nokon gong i Vietnam?

Meir mat frå botnen av

Til vanleg les kring 2000 menneske bloggen hennar kvar dag.

Bloggen hennar var ein av finalistane i kåringa av verdas beste nynorske blogg for nokre år sidan. Då svara ho dette til Framtida.no då me spurte om kvifor ho bloggar:

– Først og fremst fordi eg synest det er kjekt. I tillegg håpar eg på å inspirera andre til å laga meir mat frå botnen når dei ser at vi får det til.

LES OGSÅ: Kvardagsmat fekk nynorskstipend