Hanne Kolstø: – Eg har ei byste av Ivar Aasen på stova

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hanne Kolstø – endeleg på nynorsk

– Dialekta mi er jo meg, seier Hanne Kolstø.

På alle dei seks albuma ho har gitt ut sidan debuten med Riot Break i 2011, har jakta på identitet vore eit tema i tekstane til den produktive artisten. Men først på årets album, Fest blikket, har Kolstø våga å ta i bruk den klangrike Sykkylven-dialekten som ber i seg så mykje av identiteten hennar. Det steget er ho glad for at ho endeleg tok.

– Eg føler meg heilt enormt fri. Eg kjem nærare både meg sjølv og dei eg snakkar til, og det er så fint og så skummelt, seier Kolstø når Framtida.no møter henne på Kulturhuset i Oslo.

Kritikarane er samde: Dei norske tekstane «tar oss enda et hakk nærmere artisten Kolstø», melde til dømes Mathias Rødahl i Dagbladet, og trilla ein femmar på terningen.

Les også portrettet av Hanne Kolstø frå 2014: Rastlaus musikk

Naturleg språkbyte
Det å gi ut eit album i året har blitt ein rutine for Kolstø. Men sjølv om ho er godt van med både femmarar, seksarar og nominasjonar til Spellemannsprisen: Den «botnlause skamma» over å utlevere seg sjølv og vise seg fram, kjem tilbake kvar gong eit nytt album er ute og platemeldingane tikkar inn.

– Det er like sårbart kvar gong. Det blir aldri rutine, seier Kolstø. Ho fortel at det ambisiøse prosjektet med å gi ut eitt album i året eigentleg er ein måte å takle skamma på:

– Det handlar om å sensurere seg sjølv mindre. Tidsfristen tvingar deg til å gi litt slepp på sjølvsensuren. Når du har litt dårleg tid, må du liksom ta det som kjem.


«Du hørekje at ej kviskra / for det e inni mej», syng Hanne Kolstø over pulserande orgelriff på singelen «Stein/Saks», den første ho har gitt ut på norsk.

– Det datt berre ut
Det å byrje å syngje på norsk, var også noko som berre kom. Eigentleg var planen å lage eit reint instrumental-album, utan ord – men i det opne musikalske landskapet fann Kolstø plutseleg ein «hemmeleg inngangsport» til å byrje å ta i bruk dialekten. Passande nok skjedde det i Tekstforfattarfondet sin leilegheit i Firenze, der ho jobba med plata.

– Det datt berre ut ei setning, og den var på norsk. Det var veldig flaut, men då var det berre å gripe skamma.

Etterpå er Kolstø aller mest glad for at meldarane meiner språkskiftet kjennest naturleg. Det siste ho vil, er at det skal vere ein «wow-faktor» som tar merksemd vekk frå musikken.

– I starten var eg veldig oppteken av å syngje på engelsk, fordi eg ville at melodien og røysta og lyden av orda skulle vere i fokus, og så kunne folk høyre etter på teksten viss dei ville. Det eg hadde imot norsk, var nettopp at då var det orda som stod i fokus; då var musikken berre noko som backa opp teksten.

Etter kvart som ho har arbeidd med norske tekstar, har Kolstø funne ut at ein ikkje treng vere Stein Torleif Bjella eller deLillos sjølv om ein syng på norsk. Med abstrakte, ofte ordknappe og biletrike tekstar har ho funne ein naturleg plass for morsmålet i det musikalske uttrykket sitt.

Les også vårt portrett av Kent: Ikkje som dei andre


– Det var deilig å ha engelsk som eit filter, seier Hanne Kolstø om den første perioden sin som låtskrivar. Musikkvideoen til «The City» frå 2011 er framleis hennar mest sette på Youtube.

– Eg hata tekst
– Då eg laga dei første platene mine, hata eg tekst. Musikken berre rann ut av meg, men det var så keisamt å setje seg ned og skrive den jævla teksten, ler Kolstø.

Dårleg sjølvtillit når det gjaldt skrivinga gav henne ein ekstra grunn til å ikkje syngje på norsk.

– Eg tenkte at når eg skreiv engelsk, kunne eg sleppe unna med kva som helst.

Nøkkelen til å få grep om tekstskrivinga fann Kolstø i litteraturen. Ho laga ein rutine med å lese; i byrjinga særleg bøker om psykologi og filosofi, seinare meir og meir romanar og dikt på nynorsk. Frå litteraturen kan ho hente med seg ord, setningar, stemningar eller bilete som hjelper henne med å gi form til sine eigne erfaringar og vanskar med å vere menneske.

– Eg grein meg gjennom dagboka til Olav H. Hauge, seier Hanne Kolstø, som går til litteraturen for å finne inspirasjon til tekstane sine. Foto: Andrea Nøttveit

– Eg leitar etter ei spegling av det indre, å finne meg sjølv i teksten. Og overraskingsmomentet i å finne seg sjølv i noko du ikkje trur skal tale til deg. Det er ei slags forsking på deg sjølv, som kjem ut i tekstane via litteraturen.

Lesinga har gitt Kolstø auka interesse for skrivinga. Men nøgd blir ho aldri.

– Eg har lagt litt vekk det å bli nøgd, det eksisterer liksom ikkje. Men eg har lært å tenkje at det går greitt, seier Kolstø.

Les også: – Nobelprisen til Dylan er ein siger for songlyrikken

– Nynorsk er mitt språk
På spesialutgåva av Fest blikket på kvit vinyl, følgjer det med eit tjukt teksthefte som nesten liknar ei lita diktbok. Der har Kolstø skrive ned tekstane på Sykkylven-dialekta ho syng med.

Men når ho oppdaterer artistsida si på Facebook, er det på nynorsk. Sjølvsagt.

– Eg føler at det er mitt språk. Eg kunne aldri ha skrive på bokmål, det blir heilt fjernt for meg, seier Kolstø, som røper at ho er meir enn gjennomsnittleg medviten om å halde på målet.

– Eg kjeftar på folk heimanfrå som skriv bokmål på mail. Hallo, kvifor gjer dei det? Nokon seier at dei ikkje blir forstått på nynorsk. Men viss vi sluttar å bruke det, så forstår i alle fall ikkje folk det.

Aasen-byste på stova
I tillegg til nærleiken til dialekta og heimstaden på tjukkaste Sunnmøre, finn Kolstø også ein estetisk nerve i nynorsken.

– Det er ei motstand og nokon kantar i nynorsk som gjer det veldig fint å lese. Bokmål er så polert, det glir liksom berre.

Difor er det ikkje til å undrast over at Ivar Aasen-bysta som står heime på stova hos Kolstø er det kulaste ho eig.

– Besteforeldra til kjærasten min skulle flytte frå huset sitt, og så spurte dei: «Kva skal vi gjere med den bysta?» Då fekk eg heilt frysningar.

Les også intervjuet med Silja Sol: – Eg fekk betre karakter i nynorsk enn bokmål på vidaregåande

Faktaboks: Hanne Kolstø

Hanne Kolstø (f. 1981) er ein norsk artist frå Sykkylven på Sunnmøre.

Utdanning i utøvande rytmisk musikk ved Universitetet i Agder.

Seks studioalbum og eitt live-album som soloartist:
Riot Break (2011),
FlashBlack (2012),
Stillness and Panic (2013),
Forever Maybe (2014),
While We Still Have Light (2015),
Live at Tøyenkirken og Fest blikket (begge 2016).

Nominert til Spellemannprisen i kategorien Årets popalbum i 2012 og Årets popartist i 2013 og 2014.

Vann Forbildeprisen på Bylarm i 2014.

Spelte tidlegare i banda Love:Fi, Thelma & Clyde og Post.