Julekalender 4. desember

Framtida
Publisert
Oppdatert 11.12.2018 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ina Rangønes Libak (28) feirar si første jul som leiar i Arbeidarpartiets Ungdomsfylking, som i år har fått nytt namn på nynorsk, samisk og kvensk. Ei lita førjulsgåve til alle språkengasjerte nordmenn der altså.

Og AUF-leiaren kjem med enno ei førjulsgåve når ho nyttar Framtidas julekalender til å sitera sjølvaste Olav H. Hauge. For ho er ikkje i tvil om om kva som er det finaste nynorskordet:

Drøm er min favoritting. Eg synest me menneske burde ha fleire draumar og større draumar og på nynorsk er det jo enno betre: «Den draumen me ber på», ler Libak.

Visste du at «Det er den draumen» har vore kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene?

Vi nyttar høvet til å dele Olav H. Hauge sitt dikt her. God 4. desember!

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje –

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ein morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.