Elvestuen avviser omkamp om gruvedeponi
Løyva som er gitt for gruvedeponi i Førdefjorden og Repparfjorden vil ikkje bli endra, fastslår klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Her er det avgjerder som er tekne før Venstre og eg kom inn i regjering. Det er semje om å respektere desse tidlegare vedtaka, sa Elvestuen i spørjetimen i Stortinget onsdag.
SVs Lars Haltbrekken viste til at Miljødirektoratet konkluderte med at den samla samfunnsnytten var større enn ulempene då dei gav grønt lys for deponi i Førdefjorden. Seinare er anslaget for mengda arbeidsplassar redusert.
– Når dette viktige premissen er endra, bør saka vurderast på nytt?, spurde Haltbrekken.
Elvestuen viste til plattforma frå Jeløya då Venstre gjekk inn i regjering. Gjennomslaget var at det ikkje skal kome nye deponi i denne perioden og at ein skal gå gjennom miljølovgivinga for deponering frå gruver.
– Her har vi ein statsråd som ikkje lenger står ved partileiaren si utsegn om at ein «aldri, aldri, aldri må gi seg i så viktige saker», noterte Haltbrekken, som siterte ei utsegn frå Trine Skei Grande til NTB i 2015.
Les også: Stjernekamp-Ella rasar mot gruvedeponi