Leiaren i Raud Ungdom: – Skuffa over at vi at vi ikkje klarer å ta vare på dei som treng hjelp

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skuffa over at vi at vi ikkje klarer å ta vare på dei som treng hjelp

– Kva har gledd deg mest dette året?

– Det er den store framgangen Raudt har hatt. Vi har dobla medlemstalet. Det lyder bra for å skape eit Noreg med mindre forskjellar og meir felleskap.

Personleg så var det veldig gøy å bli vald til leiar i Raud Ungdom. Det er veldig gøy og spennande og eg er glad for å ha fått den tilliten. Det er litt jobb òg da, men.

Og så har eg fått ein lillebror. Det kan eg seie har gledd meg mest, personleg.

Sjå Drevland Lund som nisse i Framtida.no sin julekalender

– Kva har skuffa deg mest?

– Noko av det som har skuffa meg mest, er at vi har 68 millionar menneske på flukt og at vi framleis ikkje klarer å gjere noko med grunnen til at folk flyktar, men og at vi ikkje klarer å ta vare på dei som treng hjelp.

Og så burde eg nok fått til å trene litt meir enn det eg klarer, så det håper eg å få til neste år.

– Kva er ditt største ønske for 2019?

– Eg håper at vi gjer eit godt lokalval. Eg ønsker òg at vi får gjort noko med dei 100.000 barna som veks opp i fattigdom. Det er mitt største ønske. Og det kan vi gjere på tvers av partia.

Personleg så er det at eg klarer å bruke meir tid saman med dei eg er glad i. Venner og familie og kjærast.

Les også: Kjempar for å avstigmatisera abort på Færøyane