Julekalender 2. desember

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.12.2018 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak dagens luke finn du Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund. Den engasjerte 22-åringen frå Kragerø tok over vervet i mars i år, og går difor inn i si første advent som leiar.

Ungdomspolitikaren har eit ukjent talent som skodespelar med både kostyme og sjargong som kunne gjort seg godt i juleklassikarar som den originale Jakten på julestjernen og Knut Risan si tolking av dialogen i Tre nøtter til Askepott.

Om du synest det er for tidleg å sjå Askepott, men lengtar etter å sjå menn i kappe som les opp erklæringar frå pergamentrullar kan du sjå Raud Ungdom-leiaren prøva seg som skatteinnkrevjar framfor Slottet i denne Facebook-videoen.

God førjulstid!