Benjamin Aarø er ein av dei første borgarane i Good Country. Eit land utan grenser, men med grenselause ambisjonar.

– Eg håpar eg får lov til å vere ein del av noko som er med på å skape dialog der det ikkje er så mykje dialog i dag. Kor det ikkje er ekspertar og folk som har via livet sitt til det, men det er heilt vanlege menneske som føler at dei har ein direkte effekt på verda, seier Benjamin Aarø.

27-åringen frå Åndalsnes i Møre og Romsdal forklarer kvifor han har valt å verte borgar av Good Country: eit land utan territorium, men tufta på felles verdiar.

– Det handlar om å velje handling framfor kynisme, fordi det er så enkelt å sitte på sidelinja og stikke hol på ting. Det er ikkje gitt at det løner seg, men for min del er det verdt å prøve.

Lurer du på kva Good Country er? Les her. 

Frå Wien til Oslo

Framtida.no møter Aarø på ein kafé i Oslo på tampen av ei travel eksamenstid og ein fullpakka arbeidskvardag. Han er ein av dei første borgarane av dette territorielause landet, og kjenner heller ikkje andre nordmenn som er med.

Idéen bak Good Country er at den type globale utfordringar verda står ovanfor no, ikkje kan løysast av nasjonalstatar eller internasjonale organisasjonar med avgrensa mandat.

– Det handlar om å skape eit rom for å samlast i staden for den modellen ein har i dag, då ein har mange land i verda som har ulike interesser og som berre er ute etter å passe på sine eigeninteresser, seier Aarø, som understreker at det ikkje er snakk om å skape noko overordna verdsregjering.

Det handlar om å velje handling framfor kynisme

Sjølv har han kjent til tankegodset bak Good Country i fleire år. Då han arbeidde i TEDx Trondheim i 2015 var han med til Wien på ein TED-Summit. Der høyrde han grunnleggjaren Simon Anholt presentere tanken om dette altruistiske landet.

Aarø lot seg fascinere, følgde utviklinga på avstand, og hadde sporadisk kontakt med Anholt. Først no i det siste, med lanseringa av pilotprosjektet i haust, bestemte Aarø seg for å lene seg inn.

–  Eg veit ikkje endå kva det skal bli, men difor er eg også meir interessert i å stå på innsida og gjere det eg kan, enn å stå på utsida og tvele, som ville vere det naturlege for meg å gjere, seier han.

Høyr diktet frå ein annan Good Country-borgar, Emmanuel Speaks: 

 

Les også: Høgrebølge i Latin-Amerika

Eit vagt statsprosjekt

For Good Country er framleis under utvikling og stadig i bevegelse, og det er enno ikkje sikkert kva det endar opp med å vere. Så korleis skal landet skape legitimitet?

Aarø trur mykje vil kome av at dei speler med opne kort i pilotprosjektet som er i startgropa no.

– Vi må vere opne om dei dataane vi brukar og dei prosessane vi har, slik at alle på innsida og utsida kan sjå at vi faktisk gjer det vi seier vi skal gjere. At det er openheit og etterprøvbarheit i alt vi gjer, vil hjelpe til med å skape legitimitet i første runde, seier han.

– Men korleis skal Good Country omskape engasjementet til borgarane til påverknadskraft på regjeringar?

Det kokar litt ned til tal. Det er 760 millionar menneske som fell innanfor det vi ser på som naturlege kosmopolitar. Tanken er at om vi har ei så stor gruppe menneske distribuert over heile verda så utgjer det ein god del av befolkninga rundt omkring, og det er gjerne også folk som trur og vil ting. Så du skaper eit indre press i form av at du har eit dobbelt statsborgarskap: Der du bur og hjå Good Country, fortel Aarø.

Han held så fram:

Det andre er at vi skapar eit eksternt press i form av at når vi lager politikk-forslag som vi får gjennomført, og ein ser at det har brei støtte i vår befolkning, så kan ein møte andre nasjonar på dei arena der andre nasjonar møtast, og igjen skape dialog. Å skape dialog rundt samarbeid. Good Country er til sjuande og sist eit samarbeidsprosjekt.

Les også meininginnlegget: La oss tenkje nytt om Europa

Inkluderande fellesskap

For Aarø sin del er ein av dei store fordelane at borgarane får høve til å delta i diskusjonen og ta avgjersler direkte.

27-åringen trur Good Country kan appellere til alle, uansett kva ein kjem frå i livet. Anten ein har ei doktorgrad i bagasjen eller ei, uavhengig av om du bur i Oslo eller Åndalsnes.

Eg håpar det vert ein møtestad for folk som ber på forskjellige identitetar. At dette vert ein naturleg stad å kome i motsetnad til store internasjonale organisasjonar som på ein måte har veldig tydelege avgrensa mandat, og statiske haldningar til verda rundt seg, fortel han.

Les også: Difor er folkerøystingar udemokratiske

Treng tid til å modnast

Når det kjem til Good Country si framtid, så latar Benjamin Aarø til å vere forsiktig optimist. 27-åringen seier han har vanskeleg for å tru på ting på eit personleg plan, men han har lyst til å tru at Good Country kan gjere ein forskjell i verda.

– Kynikeren i meg har veldig mykje han har lyst til å seie, men samstundes tenker eg at det er veldig lett å vere kynisk, det er vanskelegare å prøve å gjere nokon ting. Då tenker eg det er viktig å lene seg inn i det, og tørre å prøve sjølv om ein ikkje heilt ser kva som er på andre sida, så lenge ein er einig med ideala.

Og om Good Country veks og blomstrar, så vil det vere vinn-vinn for alle:

– Det skal ikkje vere eit land berre for sine eigne borgarar, det skal vere til det beste for alle. Du er ikkje ein motstandar om du ikkje er med.

Oppdatert: måndag 7. januar 2019 12.52

Kommentarar

ANNONSE