Sjå korleis julehøgtida vert markert i ulike deler av verda.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Vi har Grevinnen og Hovmesteren, Tre nøtter til Askepott, mandel i grauten og Kurt Nilsen. Men korleis markerer dei høgtida i andre land rundt omkring i verda?

Juleløp i Paris

Tusenvis av deltakarar deltok 17. desember i det årlege Corrida de Noël, eit 10-kilometersløp gjennom gatene i Issy-les-Moulineaux utanfor Paris.

Symjing i Sveits

Over 4 000 deltakarar symde 100 meter i Genèvesjøen i Sveits 16. desember. Det er den 85. gongen «Coupe de Noël» vert arrangert.

Marionette i Colombia

I Bogota i Colombia vart julespelet «10 millionar stjerner: Stjernebilete» sett opp på Bolivar-plassen.

Bøn for Ukraina

Kapellan Ivan held ein juleliturgi for ukrainske soldatar på fronten nær Vuhledar i Ukraina.

Sølvgutar i London

Gutane i St. Pauls kor øver til årets julekonsertar i St. Pauls katedral i London.

Under vatn i Seoul

Jul er ei av dei største høgtidene i Sør-Korea. På akvariet i hovudstaden Seoul vart det sett opp ei framsyning med jule-havfruer 1. desember.

Dalar ned i Guatemala

Brannkonstabel Hector Chacon har samla inn leiketøy til born kvart år sidan 1997. Utkledd som julenissen rappellerer han ned for å dele ut gåvene til born i utkanten av Guatemala by.

Ballett i Kenya

Ei gruppe jenter øver til juleballetten i Kibera, eit nabolag i hovudstaden Nairobi i Kenya.

Ballettprosjektet er drive av Project Elimu, eit lokalt drive non-profit-prosjekt som tilbyr kunstopplæring og ein trygg stad til born i Kibera etter skulen.

Julekanal i Milano

Ei gruppe med roarar kryssar ein julepynta Naviglio Grande-kanal i Milano i Italia.

Kvit jul i Det kvite huset

Presidentbustaden i USA er tradisjon tru staseleg pynta til jul. Årets tema er «magi, under og glede». 300 frivillige frå heile USA har jobba i ei veke for å pynte bygget. Det har blitt brukt over 4 500 meter med band, 350 levande lys, 22 000 bjeller og nesten 34 000 pyntegjenstander.

Huset er pynta med 98 juletre og over 142 000 julelys.