Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tenåringsjentene bak «GRL PWR» mottok denne veka Trafikksikringsprisen for Hordaland 2018 for innsatsen dei har lagt ned for å få ned talet trafikkulukker i heimkommunen, Kvinnherad.

– Det er dessverre ofte slik at vi vaksne ikkje når heilt gjennom til ungdommen med våre kampanjar og velmeinande tiltak, men når det er ungdommen sjølv som engasjerer seg, er det eit langt meir kraftig verkemiddel, seier Jon Askeland ifølgje Hordaland fylkeskommune sine eigne nettsider.

Han er leiar for trafikksikringsutvalet i fylket, og var den som overrekte prisen til Kristine Titternes, Cheyenne Marie Rørvik, Signe Warberg og Andrine Vågen. Med seg fekk dei diplom, blomster og 25 000 kroner.

Les også: Multitasking bak rattet: – Ikkje greitt, men gjer det likevel

Ein dyster statistikk

Skjermdump frå kampanjevideoen til GRL PWR.

Prisen får «GRL PWR» – kort for girl power – for fokuset kampanjen har retta mot uansvarleg køyring i kommunen.

– Sist vinter var det fleire bilulukker i kommunen. Vi har mange rånarar som køyrer fort og spinnar på visse stader. Vi vil ha merksemd på dette og få ned talet på ulukker, seier dei fire prisvinnarane til fylkeskommunen.

I slutten av juni skreiv NRK om at Kvinnherad hadde mista tre unge menn i trafikkulukker på eit halvt år. Dei vart ein del av ein større, og dyster statistikk: sidan 1999 har 15 mista livet på vegane i Kvinnherad, medan fleire titals har vorte skada. Dei fleste var unge menn.

Til slutt hadde dei unge kvinnene fått nok.

Les også: – Vi er i privatbilens siste dagar

Torer du seie frå?

Dei starta kampanjen «GRL PWR», og ved hjelp av støtte frå Kvinnherad kommune og Sparebank1-stiftinga laga tenåringane ein film for å spreie gode haldningar.

– Bodskapen i filmen er at det går an å ha det moro med bilkøyring og samtidig vera ansvarleg, og at det må vera greitt å seia ifrå viss nokon køyrer for fort, sa Cheyenne Marie Rørvik (18) til Kvinnheringen i sommar.

Er du for kul til å seie frå? Sjå videoen her: 

https://www.youtube.com/watch?v=J9MkMYXssz8

Arbeidet held fram

Så langt seier trafikklærar i Kvinnherad, Hogne Gjuvsland, at kampanjen har fungert.

– Vi har merka at haldningane til dei unge gutane har endra seg. Det er OK å seie frå. Når jentene gjer dette, høyrer gutane etter, seier han til Hordaland fylkeskommune.

Men arbeidet er ikkje over endå.

Etter å ha motteke prisen kunne Kristine Titternes, Cheyenne Marie Rørvik, Signe Warberg og Andrine Vågen reise heim til Kvinnherad med 25 000 kroner ekstra i bagasjen. Pengar som går direkte inn att i kampanjen. Til no har dei laga film og refleks, men snart skal dei også delta i UKM med prosjektet sitt.

Les også: John (100 1/2 år) fornya lappen