Når makt trumfar demokrati

Vemund Viken, nestleiar Hadeland AUF
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I botn og grunn er internasjonal politikk eit anarki. Det finst ikkje noko samla verdsmakt med tilhøyrande regelverk som regulerer storpolitikken. Vi er komne eit stykke på veg med FN og folkeretten, men FN er ikkje langt på veg sterkt nok til å hindre dei store gutane i skulegarden å gjere som dei vil.

Vi ser det dagleg i Palestina, der det USA-støtta Israel går på tvers av internasjonale avtalar og tar seg til rette i land som ikkje er deira. Palestina-konflikten er likevel småtteri samanlikna med andre aktørar.

Saudi-Arabia får fortsette med styresettet sitt, som på fleire område er middelaldersk, fordi dei er ein viktig alliert for USA.

I Sør-Kina-havet bruker Kina militærmakta si til å ta kontroll over havområde som også andre land gjer krav på.

FN er ikkje langt på veg sterkt nok til å hindre dei store gutane i skulegarden å gjere som dei vil.

Marokko blåser i all kritikk og okkuperer Vest-Sahara.

Russland sette ganske enkelt det vi har av internasjonal lov og rett til side når dei okkuperte Krim-halvøya for å sikre at dei ikkje mista kontroll over eit strategisk viktig område.

I Syria har den arabiske våren utvikla seg frå eit folkekrav om demokrati til å bli eit maktspel der store aktørar som Vesten, Russland og Iran står mot kvarandre.

Les også: Malta gi stemmerett til 16-åringar

Kva har dette å seie?

Sjølv om vi har kome langt i å utvikle eit sett med internasjonale lovar, er det framleis slik at den sterkaste sin rett framleis er ein viktig del av internasjonal politikk. Makt trumfar demokrati. For min generasjon politikarar bør det vere eit mål å snu opp ned på det.

Det er mange konsekvensar av ein politikk der dei store aktørane kan gjere meir eller mindre som dei vil. Men mest alvorleg er det at det utfordrar ein grunntanke i demokratiet: at alle er like mykje verdt som menneske, og bør i prinsippet ha like mykje å seie.

Heilt slik vil det neppe nokon gong bli i praksis, men det er ein viktig ambisjon å strekke seg etter. Her speler internasjonale organisasjonar, eller internasjonale «regime» for å bruke fagspråket, ei viktig rolle.

mest alvorleg er det at det utfordrar ein grunntanke i demokratiet: at alle er like mykje verdt som menneske

Skal internasjonal politikk leve opp til eit demokratisk ideal, treng vi at dei store avgjerdene og debattane blir tekne i organisasjonar som FN, NATO og EU og der også dei store verdsmaktene må tole å gå på eit tap.

Her har ein i det minst ei viss moglegheit til å gå debattane etter i saumane og halde styr på kva som skjer. I tillegg slepp ein dei store menneskelege kostnadane som automatisk kjem med krig og andre militære løysingar.

Stå opp for demokratiet

Vi er nærare enn nokosinne, men vi er ikkje heilt der enno. Eksempla eg har brukt i denne kronikken viser at ein kan sette spelereglane til side, og det flyttar den reelle makta frå FN til regjeringskorridorane hos dei internasjonale stormaktene.

Det sender eit signal til mindre demokratiske land om at «når dei store kan gjere som dei vil, så kan vel vi gjere det også?»

Her kan små land som Norge spele ei rolle. Det tar tid å få ei stormakt til å endre kurs. men det blir lettare om dei får eit stort internasjonalt press mot seg. Og for å ta idealismen heilt ut: Det kan til tider verke som om ein stangar hovudet i veggen, men det har ein verdi i seg sjølv å protestere mot urett.

Det bygger ein opinion, noko som er enklare enn nokosinne når ein kan mobilisere gjennom sosiale medium. Da #metoo-kampanjen sette likestilling på dagsordenen, bør det også vere mogleg med ein tilsvarande kampanje for å sette internasjonalt demokrati på dagsordenen.  

Les også: Kan teknologi forbetre demokratiet?