– Stadnamn er som små, spennande historier

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stadnamna våre er meir spennande enn mange trur. Dei viser veg gjennom historia og gøymer alle ei lita historie, meiner Gøril Grov Sørdal. Ho har gått på skattejakt blant norske stadnamn og samla funna i bokform.

Sørdal er til dagleg journalist i NRK. Der har ho i mange år laga program om språk i radio og på tv. Mest kjend er ho kanskje for tv-seriane «Nomino», der ho først laga ein sesong om personnamn og deretter ein sesong om stadnamn.

At ho skulle skriva bok hadde ho i utgangspunktet ingen planar om før ho blei ringt opp av to forlag. Dei ville begge ha henne til å skriva bok om stadnamn. I boka Nomino – historia om norske stadnamn tek Sørdal for seg namn på plassar over heile Noreg til alle tider.

Er du god på dialektar? Prøv deg i vår quiz!

– At noko som til vanleg er så likegyldig for oss, brått betyr mykje for oss når det står på spel, synest eg er fascinerande, seier Gøril Grov Sørdal som har skrive bok om norske stadnamn. Foto: Ruben Solér / Spartacus

Vil gjera folk nyfikne og medvitne

– At to forlag ville du skulle skriva bok om stadnamn betyr vel at det er stor interesse for temaet?

– Ja, det er interesse for det, men ofte verkar det som om folk ikkje tenkjer over at stadnamna betyr noko, seier forfattaren.

Før ho tok til å arbeida med teamaet var ho sjølv blant dei som tenkte at stadnamn var litt tørt og kjedeleg og at namna berre fortalde om ein bestemt plass. No erkjenner ho at ho tok grundig feil.

– Dei norske stadnamna er fantastisk underhaldande, slår ho fast.

– Alle namn har eit innhald og ei historie, men historia er ofte gøymd. Orda i namna misser innhald fordi dei blir namn. Under boksleppet i Bergen var det til dømes mange som fekk seg ei aha-oppleving då eg fortalde om gatenamnet Skostredet og kor mange skomakarar som budde der i mellomalderen.

På same måten er det mange som ikkje tenkjer over at namnet Sagene i Oslo kjem av at det ein gong i tida låg sagbruk langs Akerselva, seier ho.

– Betyr det at det er eit mål for deg å driva folkeopplysning?

– Ja, det er nok ein del av det. Eg har ei sterk trong til å formidla og likar å dela ting og fortelja folk noko dei ikkje veit frå før. Det er ein del av drivkrafta mi.

Les også: Oslo kan få namn og skilt på samisk

Kjelde til kunnskap og forståing

Gøril Grov Sørdal meiner kunnskap om stadnamn er viktig for å forstå både historia og notida betre. I boka viser ho korleis skiftande tider og store hendingar som nasjonsbygginga, kristninga av Noreg, endringar i jordbruket, fornorskinga av samar og kvenar, dansketida og andre store og små hendingar har sett spor etter seg på noregskartet.

Ho viser også at norske stadnamn ikkje er så norske som me kanskje trur og at påverknaden frå utlandet er stor. Ikkje minst finst det mange amerikanske stadnamn som Klondyke, Texas, Chicago og Minnesota her i landet

Også storpolitikken har sett spor. Opptil fleire plassar i Noreg heiter både Korea, Golan og Burma. Mange små husmannsplassar har dessutan namn etter europeiske stormakter og store byar som Hamburg, Lübeck og Preussen.

Les innlegget: Namnet «Vestland»: Ein siger for lokaldemokratiet?

Sterke kjensler

Eit anna kjenneteikn ved stadnamna våre er at dei vekkjer sterke kjensler når noko står på spel.

– Eg trur det kjem av at stadnamna er ein del av identiteten vår. Sjølv kjem eg frå Vik i Sogn. Viss nokon hadde bytt ut eller forandra namnet på kommunen eller bygda mi, hadde eg følt at noko av meg blei borte, seier stadnamnforfattaren.

Ho har stor forståing for at kommunesamanslåingar og fylkessamanslåingar vekkjer frustrasjon og sinne.

– Eg trur det er ein vond prosess for mange. Det har med identitet og tilhøyrsel å gjera. Uansett kva namn ein vel, trur eg det blir vanskeleg. Men det går seg nok til. Kommunane har vakse og minka mange gonger før. Om eit par generasjonar tenkjer nok ikkje folk over kva dei gamle kommunane heitte, meiner Sørdal.

Ho reagerer likevel på at enkelte kommunar ser ut til å tenkja meir marknadsføring enn språk- og kulturarv når dei skal bestemma nye kommunenamn.

– Det er litt rart når marknadskreftene skal bestemma over språklege tradisjonar. Stadnamna våre er dei eldste språklege kulturminna me har. Viss ein hentar fram eldre stadnamn trur eg det hadde gått seg lettare til.

I Risør kommune kan du vitja staden «Der bikkja beit mannen», men ingen hugsar lenger kvifor det heiter akkurat det. Skjermdump: Gule Sider

Stadnamn til lått og løye

I boka får me også høyra om meir kuriøse hendingar som har gjeve namn til ulike stader rundt om i landet. Sjølv har forfattaren to favorittar.

– Det eine «Der bikkja beit mannen» frå Risør. Då eg høyrde det første gongen trudde eg at det var tull. Ingen visste lenger kvifor plassen hadde fått dette namnet, men det er litt typisk Risør. Eg følte nesten eg hadde funne ei skattkiste då eg forstod at kommunen hadde endå fleire slike namn.

Den andre stadnamnfavoritten til Sørdal kjem frå Hemne i Trøndelag og heiter «Setersetersetra».

– Dette er eit namn som har kome til gjennom fleire generasjonar. Namnet fortel om folkevekst og at folk som måtte rydda jord lenger og lenger vekk for å få nok matjord. Det finst mange slike skattar. Eg kunne sikkert skrive ti slike bøker, seier Gøril Grov Sørdal.

Får lokale namn på skilta