Får lokale namn på skilta

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prislappen for å byte ut skilta er 316 000 kroner pluss frakt. Det skriv Bergens Tidende.

Det er resultatet av at dei på 1990-talet vedtok ein del nye stadnamn i kommunen, for å kome nærare Sotra-dialekten. Møvik kai vert Møvikkaien, Algrøy til Algrøyna og Lokøy til Lokøyna.

Algrøy er blant stadane på Sotra som skiftar namn. No heiter det Algrøyna. Foto: Marius Lauritsen/Flickr

– Dette er unikt, og eg kan ikkje kome på nokon andre som har gått så grundig til verks som Fjell kommune, seier Kjell Erik Steinbru i stadnamntenesta i Språkrådet til avisa.

Vigleik Brekke i Fjell kommune seier dei ikkje har fått noko særleg med reaksjonar enno. Utanom at Vindnes burde heite Vindenes, og det var kommunen einige i sjølve.

Når dei først er i gang med å byte ut skilt, tek dei andre skilt som er på bokmål om til nynorsk. Det vert slutt på «Gjelder ikke buss» til fordel for «Gjeld ikkje buss».

Kommunen deler utgiftene med Statens vegvesen. Skyss og fylkeskommunen er òg med på prosjektet, og syt for at alle busstopp og rutehefte vert oppdaterte med dei rette namna.